Fortvilar over liten eksportstoette
MØBEL: Egil Sundet i Norsk Industri etterlyser ein meir offensiv norsk eksportstøtte til møbelbedrifter.
Nytt

Fortvilar over liten eksportstøtte

Møbeleksportørar som Stordal-bedrifta Vad etterlyser meir eksportstøtte.

01.06.2016
– Ei dansk bedrift kan få mellom 25 og 50 prosent av kostnadene sine knytta til eksportsatsing dekka av virkemiddelapparatet i Danmark i ein treårsperiode. I Norge kan ein kun få støtte i eitt år.
- Dette er for kort periode til å lukkast. Det blir berre eit skippertak, seier Egil Sundet i bransjeforeininga Møbel + Interiør i Norsk Industri.
I ei pressemelding frå Pressenytt vert det vist til at norske aktørar vert avspist med småpengar, medan svenske og danske bedrifter mottek langsiktig eksportstøtte.

Ser mot Sverige

Sundet viser spesielt til at i fjor haust lanserte Sveriges regjering ein ny eksportstrategi og la samtidig 800 millionar friske svenske kroner i potten.
- Disse skal blant anna brukast til å stimulere små og mellomstore bedrifter til å satse på eksport, særleg til nye vekstmarknader.
Pressenytt opplyser at då møbel- og interiørmessa ICFF opna dørene i New York 14. mai, sto over 700 utstillarar klare til å knive om merksemda.

Trur på Stordal-modellar

På den norske Insidenorway-standen var det derimot kun tre bedrifter som stilte; belysningsinnovatørane Northern Lighting, møbelprodusenten Vad og designduoen Ope.
Stordal-baserte Vad tok med dei to seriane Convair og ON over Atlanterhavet.
– Dette er to modellar vi meiner har eit internasjonalt potensial og som er representative for den skandinaviske design-stilen, seier adm. dir Håkon Vad i premssemeldinga.
Vad har deltatt på ICFF kvart år sidan 2011, noko som har gitt sal i USA og Canada.
- Vi prøvar no med nye modellar som vi håper medfører auka sal på den amerikanske marknaden.
- Møbelmarknaden i Nord-Amerika har vist ei positiv utvikling, med auka interesse for nordiske møblar. Men vi ser at amerikanarane har litt andre preferansar når det gjeld farge og komfort.
Dette er to modellar vi meiner har eit internasjonalt potensial

Publisert: 01.06.2016 09:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57