Marianne Sivertsen Naess Fiskebatarsmote 2025 innflet B Strifeldt og Jenny Klinge foto Ogne
IKKJE FORNØGD: Stortingsrepresentantane Bengt Rune Strifeldt (Frp) og Jenny Klinge (Sp) (innfelt) er ikkje fornøgd med informasjoen dei så langt har fått frå fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) om eigarskap og kontroll over krillressurar og fiskefartøy i krillfisket ved Antarktis. Foto: Ogne Øyehaug/Frp/Sp.
Nytt

Nye krill-spørsmål til fiskeriministeren

Må svare på fleire spørsmål om saksbehandling og informasjon i krillstriden mellom Aker og Stig Remøy.

27.06.2025

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) må svare på fleire nye spørsmål i striden om Aker sine krillkonsesjonar og ein krilltrålar som Stig Remøy-dominerte Rimfrost fekk bestilt.

Bakgrunnen for at statsråden har fått saka på sitt bord er eit spørsmål frå bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt i fjor. Fiskebåt ville vite om Aker Biomarine sitt sal av deler av verksemda til det amerikanske investeringsselskapet American Industrial Partners, i realiteten var eit overføring av kontrollen over norske fiskerirettar til krillfiske rundt Antarktis til eit utanlandsk selskap. 

Spørmålet er om sale er i strid med regelen om at slik kontroll skal vere på norske hender.

Omstridd skip delt i to
Sidan den gang har Næss hatt Fiskeridirektoratet si godkjenning til vurdering. Det har også vore svaret når stortingsrepresentantar har stilt spørsmål om sakshandsaming og avgjerda.

I år har Sivertsen Næss også fått spørsmål knytt til korleis Aker Qrill Company kjøpte det nesten ferdige krillfiskefartøyet som opphavleg vart bestilt av Rimfrost i Ålesund. Det skjedde etter at byggekontrakten vart kansellert etter usemje mellom Rimfost og kontraktspartnar Westcon. 

Fartøyet er delt i to og skal forlengast. Aker Qrill Company har fått eit såkalla ervervsløyve av Fiskeridirektoratet. Ervervsløyve betyr at Aker Qrill Company kan bruke fartøyet i fisket på eitt av sine løyve til krillfiske ved Antarktis. 

Tersan aker qrill company foto Tersan
DELT I TO: Striden har så langt enda med kansellering av byggekontrakten til Rimfrost og at Aker Qrill Company har teke over skrogen. Nyleg blei skipet delt i to ved Tersan-verftet i Tyrkia. Foto: Tersan Shipyard

Fleire spørsmål
No har statsråden fått to nye spørsmål å svare på.

Bengt Rune Strifeldt (FrP) stiller dette spørsmålet: "Kan statsråden bekrefte at tillatelsen er knyttet til skipet som tidligere het Jan Mayen, som er spesialdesignet og bestilt av krillaktøren Rimfrost, og har norske myndigheter i så fall gitt et amerikansk investeringsselskap kontroll over nok et fartøy knyttet til en transaksjon departementet nå vurderer lovligheten av?

Han er kritisk til Fiskeridirektoratet si sakshandsaming:

"Det er påfallende at direktoratet har valgt å gi ervervstillatelse til en aktør som alt tyder på er under kontroll av et amerikansk investeringsfond, og der departementet nå undersøker om transaksjonen er godkjent på feilaktig grunnlag. Dersom departementet fastholder direktoratets vedtak, vil det ikke bare gjøre at kontroll over norske fiskeriressurser kommer under utenlandsk kontroll. Det vil også gi én aktør monopol på krillfiske på norske konsesjoner, stikk i strid med uttalt norsk politikk og Stortingets ønske om et mangfold av teknologier og aktører."

Etterlyser avklaring om politisk vurdering
Også Jenny Klinge (Sp) vil ha betre og meir utfyllande svar frå fiskeriministeren. Også hennar spørsmål gjeld sakshandsaminga til Fiskeridirektoratet i spørsmålet om ervervsløyve, i tillegg til om fiskeriministen har gitt Stortinget nok informasjon: 

"Statsråden opplyste først i sitt svar til meg 4/6 at Fiskeridirektoratet så tidleg som 28/2 hadde gjeve ervervsløyve.
Eg har no vorte kjent med at Fiskeridirektoratet i eit førebels svar den 20/1 opplyste at søknaden om ervervsløyve var sett på vent på grunn av ei avgjerd i NFD. Kva var årsaka til at søknaden først vart sett på vent og deretter at Fiskeridirektoratet vel fem veker seinare kunne godkjenne den?"

NFD er ei forkorting for Nærings og Fiskeridepartementet, og Klinge ber fiskeriministeren avklare om departementet allereie tidlegare i år gjorde ei politisk vurdering, som Stortinget ikkje er opplyst om: 

"Statsråden har i fleire månader vist til at spørsmålet kring løyve til krillfiske i Antarktis og forholdet til deltakarlova er noko departementet ser nøye på og tek på alvor. No har det kome fram at NFD i januar ba Fiskeridirektoratet sette saka på vent, men at direktoratet så seint i februar likevel kunne gi ervervsløyve til Aker. Det framstår såleis som om det har vore gjort ei politisk vurdering allereie i januar og februar som statsråden ikkje har opplyst Stortinget om trass i gjentekne spørsmål om saka både frå meg og andre. Slik eg ser det, er dette ervervsløyvet i strid med intensjonen i nettopp deltakarlova og eg meiner NFD burde gripe inn. No viser det seg at NFD brukte politisk handlingsrom allereie i vinter gjennom beskjeden dei gav til Fiskeridirektoratet om å avvente svaret til søkar. Det er viktig å få vita om det enno er eit politisk handlingsrom og i så fall også politisk vilje til å omgjera avgjerda."

Publisert: 27.06.2025 08:59

Sist oppdatert: 27.06.2025 09:10

Mer om