Frøy Vest kjøper dykkerselskapet Seadive med 15 tilsette, fem farty og 30 millionar kroner i driftsinntekter.
Etter oppkjøpet har Frøy Vest og søsterselskapet Frøy Vest Rederi cirka 200 millionar kroner i årlege driftsinntekter, 165 tilsette og 24 farty.
Selskapa driv servicetenester for oppdrettsnæringa, frå flytting av anlegg, avlusing av fisk, inspeksjonar og reparasjonar av nøter. Medrekna dykkeroperasjonar og oppgåver der det blir brukt fjernstyrte robotar.
Bak Frøy Vest/Frøy Vest Rederi står Helge Gåsø på Frøya. Gåsø er mellom annan stor aksjonær i oppdrettselskapet Norway Royal Salmon og største eigar i det som blir kalla Frøygruppen, der Frøy Vest/Frøy Vest Rederi er to av selskapa.
Frøy Vest/Frøy Vest Rederi har forretningsadresse i Vågøy, men fleirtalet av administrasjonen har kontor i Ørsta. Gåsø kjøpte aksjsmajoriteten i selskapa i 2005.
Under Frøygruppen ligg og Frøy Akvaservice på Frøya, som driv same verksemd som Frøy Vest/Frøy Vest Rederi, men frå Hustadvika og nordover. Etter kjøpet at det nordnorske oppdrettserviceselskapet NCS i fjor er Frøyselskapa dermed blitt landsdekkande.
Båtane i bransjen er blitt større og kan utføre fleire typar operasjonar, og Gjerde seier reiarlaget har fleire tilsette med bakgrunn frå offshore.
Etter oppkjøpet har Frøy Vest og søsterselskapet Frøy Vest Rederi cirka 200 millionar kroner i årlege driftsinntekter, 165 tilsette og 24 farty.
Selskapa driv servicetenester for oppdrettsnæringa, frå flytting av anlegg, avlusing av fisk, inspeksjonar og reparasjonar av nøter. Medrekna dykkeroperasjonar og oppgåver der det blir brukt fjernstyrte robotar.
Utvidar området
Dagleg leiar Joar Gjerde seier Frøy Vest/Frøy Vest Rederi med dette kjøpet utvidar sitt geografiske området. Frå før dekte dei strekninga frå Hustadvika til ned i Sogn og Fjordane. No får dei fotfeste ned i Rogaland.Bak Frøy Vest/Frøy Vest Rederi står Helge Gåsø på Frøya. Gåsø er mellom annan stor aksjonær i oppdrettselskapet Norway Royal Salmon og største eigar i det som blir kalla Frøygruppen, der Frøy Vest/Frøy Vest Rederi er to av selskapa.
Frøy Vest/Frøy Vest Rederi har forretningsadresse i Vågøy, men fleirtalet av administrasjonen har kontor i Ørsta. Gåsø kjøpte aksjsmajoriteten i selskapa i 2005.
Under Frøygruppen ligg og Frøy Akvaservice på Frøya, som driv same verksemd som Frøy Vest/Frøy Vest Rederi, men frå Hustadvika og nordover. Etter kjøpet at det nordnorske oppdrettserviceselskapet NCS i fjor er Frøyselskapa dermed blitt landsdekkande.
Offshore-folk
I fjor fekk Frøy Vest/Frøy Vest Rederi ein nye arbeidsbåt til cirka 50 millionar kroner og dagleg leiar Joar Gjerde vil ikkje utelukka at det kan bli nye kontraheringar også i år.Båtane i bransjen er blitt større og kan utføre fleire typar operasjonar, og Gjerde seier reiarlaget har fleire tilsette med bakgrunn frå offshore.
Publisert: 01.02.2018 10:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17