Polyform rotasjonspresse NN foto Marius 11
NY PRODUKSJONSHALL: Produksjonssjef Morten Tvervåg viste fram Nord-Europa største rotomaskin då Polyform opna sin nye produksjonshall i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Polyform slo alle rekordar i fjor

Rekordhøg omsetning, overskot og utbyte til eigarane.

Marius Rosbach
16.06.2025

Polyform i Ålesund hadde eit nytt rekordår på alle måtar i fjor. Det viser årsmeldinga frå bedrifta som har laga oppblåsbare blåsar og fenderar av ulike slag i meir enn 70 år. 

Etter at omsetninga gjekk litt ned i 2023, vart det ny vekst i 2024. 

Driftsinntektene enda på 205 millionar kroner i fjor viser årsrekneskapen. Det er nokre få millionar betre enn det førre rekordåret i 2022.

Også overskotet steig til nye høgder, med eit resultat før skatt på 28 millionar. Det største for bedrifta nokon gong (sjå tabell under). 

Polyform   
Årsresultat (i mill kr)20242023
Driftsinntekter205,3175,5
Driftsresultat28,618,8
Resultat før skatt28,620

Opna ny produksjonshall i fjor
I fjor vår kunne bedrifta mellom anna feire opninga av ny produksjonshall, som auka kapasiteten betydeleg. 

Det var den største investeringa dei svenske eigarane i Ernströmgruppen har gjort nokon gong. 

Etter det gode fjorårsresultatet tek eigarane ut drygt 22 millionar kroner i utbytte. Også det er ny rekord. 

Ny sjef og god ordrereserve
I vår fekk Polyform på plass ny sjef i Anita Lervik, etter at mangeårig leiar Vidare Aasestrand, har gått over i pensjonistenes rekker.  

Utsiktene ser lovande ut for den vidare framtida. Ordrereserven var 33 prosent høgare ved inngangen til 2025, enn eitt år tidlegare, ifølgje årsmeldinga. 

Polyform hadde 71 årsverk fordelt på 76 tilsette i arbeid i fjor. 

Les meir om Polyform

Publisert: 16.06.2025 10:07

Sist oppdatert: 16.06.2025 10:07