Arbeid m bru på Strandafjellet
STRANDA: Selskapet Blådalslia har seld halvparten av sine 55 hyttetomter på Strandafjellet. Og fleire utbyggarar kjem snart med nye tomter. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ser ingen brems i hyttemarknaden

Stadig nye hyttefelt blir lagt ut for salg. Også prisane på brukte hytter aukar markant i nordvest.

13.04.2022

Otto Vik har nettopp lagt tomtene i sitt fjerde hyttefelt i Stryn ut for sal. Det siste hyttefeltet til, Hydla 4, har 65 tomter.

Når det bli utseld har han i alt bygd infrastruktur og seld omlag 200 hyttetomter i lia vest for skitrekket i Stryn.

Mellom Vik og det eldste hyttefeltet ved skitrekket, Bøanedsetra, planlegg selskapet Tinde Hytter over 100 nye hytter.

På Strandafjellet har selskapet Blådalslia seld halvparten av dei 55 hyttetomtene på Roaldsida (mot nord) og vest for skiheisa. Bygging av vegar, og vatn- og kloakk-infrastruktur er allereie i gang, med mål om å vere ferdig i år.

Meir på Strandafjellet
På Strandafjellet har Martin Vollen snart klart 30 nye tomter for sal, i hyttefelta Ringstadsætra Hyttegrend og Solsvingen, på kvar si side av vegen. I fjor måtte han gremme seg over å ikkje ha tomter til sals, og no ser han ingen teikn til at det skal bli tungt å selje.

- Tvert i mot er det fleire som seier det er aktuelt å byggje no, seier Vollen.

Den einaste hyttefeltutviklaren NETT NO har snakka med som har sett teikn til ei utflating er Inge Olsen i Harevadet Hyttegrend. Han har berre att 10 tomter av omlag 140 tomter i feltet. Prisauke på material har gjort det dyrare å byggje, og dempa interessa utover i 2021, ifølgje Olsen.

Prisauke i bruktmarknaden
Eigedomsmeklar Julianne Sørheim hos Privatmegleren følgjer hyttemarknaden tett.

Hennar statistikk viser en markert prisauke på brukte hytter frå 2020 til 2021 i Stranda/Sykkylven-området. Det same ser dei i Stordal og på Bjorli.

Saman med Stryn og Hornindal og Grotli er dette dei største hytteområda for nordvestlendingar.

I Stranda/Sykkylven steig prisen på brukte hytter 18,6 prosent frå 2020 til 2021, på Bjorli 21,1 prosent og i Stordal 24,3 prosent.

Reiserestriksjonane under koronapandemien auka etterspørselen etter hytter, og det er hovudårsaka til prisauken frå 2020 til 2021, etter Sørheim si vurdering.

Billegare enn nytt
Hittil i år har brukthytteprisane i Stranda/Sykkylven gått opp med meir beskjedne 1,3 prosent. (På Bjorli og i Stordal er det så få hytter selde i år at det er for spinkelt grunnlag til å konkludere om prisutvikling).

Trass ein dempa prisvekst i år og framleis god tilgang på nye hyttetomter trur Sørheim på framleis prisevekst i brukmarknaden. At brukt er billegare enn nytt, og at du får hytta med ein gang gjer at det også er marknad for brukte hytter.

Publisert: 13.04.2022 14:28

Sist oppdatert: 13.04.2022 21:07

Mer om