Inge olsen harevadet hyttefelt foto ogne 11
NESTEN UTSELD: Dagleg leiar Inge Olsen og dei andre medeigarane i Harevadet Hyttegrend har kome ut av hyttesatsinga si med millionar på bok.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Millionutdeling til utbyggjarane av hyttefelt

– Til å ikkje vite kva ein held på med, så har det gått over all forventing, seier leiaren for grunneigarane bak utbyggingsuksessen.

01.04.2022

I dag har Harevadet Hyttegrend åtte av omlag 140 hyttetomter att å selje, den langsiktige gjelda vart nedbetalt i 2019, og alle større investeringar er unnagjort.

Selskapet vart skipa av sju grunneigarar i Hornindal for å utvikle og selje hyttetomter ved skitrekket i Hornindal.

– Til å ikkje vite kva ein held på med, så har det gått over all forventing, seier dagleg leiar Inge Olsen i Harevadet Hyttegrend.

Deler ut til aksjonærane
Salsinntektene dei siste åra har i stor grad gått rett til å fylle kassa i selskapet. No, når aktiviteten i selskapet går mot slutten, deler grunneigarane ein god del av det oppsamla overskotet seg i mellom. Selskapet treng ikkje alle pengane lenger, etter eigarane si vurdering.

Aksjekapitalen blir meir enn halvert og pengane delt ut til eigarane går det fram av ein melding i Brønnøysundregisteret.

2021-reknskapen er ikkje offentleg enno, men ut frå tomtesal og reknskapen for 2020 anslår NETT NO at det er snakk om ei utbetaling på mellom 15 og 20 millionar kroner.

Tre av eigarane opprettar eigne investeringsselskap og legg utbetalinga inn i dei, dei andre får pengane personleg.

Hornindal skisenter kveldskøyring 11
STØTTE SOM AUKAR ATTRAKTIVITETEN: Ein del av inntektene frå hyttetomt-salet har gått til å støtte skisenteret i Hornindal. Foto: Marius Rosbach
Brems i fjor

Tidleg på hausten 2019 hadde Harevadet Hyttegrend omlag 40 hyttetomter att. Då spådde Olsen at mesteparten skulle vere seld innan fem år.

Fasiten er at det gjekk mykje raskare, mellom anna på grunn av ein hytteboom etter at koronapandemien kom.

Den boomen varte inn i 2021, inntil byggekostnadane byrja å stige. Det dempa interessa, seier Olsen.

Han anslår at ei hytte som før kosta tre millionar kroner, no kostar 150.000-200.000 kroner meir, fordi materiala er blitt dyrare.

Steg for steg
Harevadet Hyttegrend har bygd ut området gradvis i staden for å gjere unna alle investeringane i starten.

Det har vore med på å reduserer risikoen og har gjort at selskapet har gått i pluss kvart år bortsett frå i startåra 2010 og 2011. Samla overskot før skatt til og med 2020 er 29,4 millionar kroner.

I tillegg til dei sju grunneigarane er også Volda kommune medeigar. Kommunen (den gangen Hornindal kommune) gjekk inn med 190.000 kroner i starten, og vart eigar av B-aksjane i selskapet. Det var ei investering som var viktig for å få naudsynte garantiar i følgje Olsen. B-aksjane har ikke stemme-eller utbytterett.

Sjølv om storparten av tomtene er selde er det truleg byggeoppdrag å hente i hyttefeltet fleire år framover. Omlag 40 av tomtene er enno ikkje bygd på, og det ein ingen klausular om når det skal byggast knytt til tomtene.

Publisert: 01.04.2022 10:59

Sist oppdatert: 01.04.2022 12:06

Mer om