Otto vik
FØRE SKJEMA: Otto Vik har vore den store hyttefeltutbyggaren dei siste åra. No er ein ny utbyggar på veg inn i tillegg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny storsatsing på hytter i Stryn

Otto Vik hadde innstilt seg på at tempoet i hyttebygginga i Stryn dabba litt av, men no har både han og Tinde Hytter gitt full gass.

14.05.2021

Vik er grunneigar til det som blir kalla Hydla-området i Stryn. Han har vore den store hyttefeltutbyggaren ved skitrekket i Stryn etter at Bøasetra-feltet - som var starten på Stryn som stor hyttekommune - var ferdig utbygd.

Før koronaepidemien kom var Vik i gang med å selje tomter og bygge hytter i Hydla 3, tredje etappe av utbygging av Hydla-området. Det skulle ta tre-fire år før alle dei 25 tomtene i Hydla 3 var selde, rekna han med.

Der er ikkje ei tomt igjen. Mesteparten fór i fjor
Otto Vik

Då koronaepidemien kom, skapte den ein hytteboom som endra alt.

- Der er ikkje ei tomt igjen. Mesteparten fór i fjor, seier Vik om Hydla 3.

No har han framskunda alle planar med fleire år.

- Vi regulerer no 60 tomter til, i Hydla 4, seier Vik.

Satsar frå Gudbrandsdalen
Også eit stort hyttebygging- og hyttefeltutviklingsfirma frå Ringebu i Gudbrandsdalen har kasta sine auge på Stryn.

Tinde Hytter-konsernet har bygd ut ved store skidestinasjonar, som Kvitfjell, Hafjell og Trysil, men satsinga på Stryn er likevel ei av dei største konsernet har gjort.

Akkurat som Otto Vik har Tinde Hytter ein reguleringsplan inne til behandling hos kommunen. Mellom 110 og 120 tomter er det snakk om, mellom Hydla-området og Bøasetra-området.

Håpet er å få planen godkjent før sommaren og starte bygging av dei første hyttene andre halvår neste år, seier Odd Rune Flo. Flo er dagleg leiar for Tinde Hytter Stryn og ansvarleg for konsernet si satsing i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Hyttemetropol
Då NETT NO skreiv om hyttemarknaden i Stryn i 2014 (første heile driftsår for NETT NO) var det bygd over 180 hytter i løpet av dei 10 siste åra.

Kommunen hadde - og har - planar om mykje meir.

I kommunedelplanen for Bøasetra - Ulsheim, som omfattar området frå skitrekket i fjellet over Stryn sentrum, til langrenn- og skistadion ved Ullsheim lenger vest, er det plass til nesten 1200 hytter.

Planen gjorde plass til over 800 fleire enn hytter enn dei som alt var der i 2014. Framleis er det plass til 600 nye tomter (NETT NO, sitt anslag). Dreg vi frå Vik og Tinde Hytter sine nye utbyggingar er det framleis plass til over 400 hytter i området.

Forbi Stranda
Om både Vik og Tinde Hytter får klarsignal i år, blir det Stryn som får flest tilgjengleg byggeklare tomter blant dei mest populære hytteområda på Nordvestlandet.

Ei periode har Strandafjellet segla opp til å passere Stryn som hytteområdet med høgast aktivitet, men inntil vidare vil det bli Stryn som har det største byggeklare potensialet, i alle fall inntil investorane i bak ei storstilt satsing på Bjorli er i klare for utbygging.

Publisert: 14.05.2021 11:01

Sist oppdatert: 14.05.2021 12:26

Mer om