NTB jtn Oi Gqc Iyg 1
FLEST LEDIGE JOBBAR: Også i år er behovet for arbeidskraft størst i helse- og omsorgssektoren. Her manglar det omtrent 13.000 personar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Framleis stor mangel på arbeidskraft

Kvar fjerde bedrift i Møre og Romsdal har hatt vanskar med å få tak i folk dei tre siste månadane.

09.05.2023

NPK-NTB/NETT NO: Norske verksemder manglar nesten 53.000 arbeidstakarar. Mangelen er størst innan helse og omsorg, men det er også altfor få handverks- og industriarbeidarar, ifølgje Navs nye bedriftsundersøking.

Etterspurnaden etter arbeidskraft er høg, men framleis lågare enn i fjor då han var på rundt 70.000 personar på landsbasis.

11 prosent av bedriften i Møre og Romsdal svarar at dei vanskane med å få tak i folk har gjort at dei ikkje har tilsette nokon i dei ledige stillingane sine dei tre siste månadane. 14 prosent svarar at dei har tilsett noko med lågare eller annan formell kompetansen enn dei opphavleg var ute etter.

I Vestland fylke er tilsvarande tal 17 og 9 prosent.

For få kvalifiserte
22 prosent av bedriftene i Møre og Romsdal og Vestland fylke svarar at dei opplever rektutteringsproblem på grunn av for få eller ingen kvalifiserte søkjarar.

På landsbasis er talet 21 prosent, i Oslo 18 prosent.

Nav si vurdering er at Møre og Romsdal mangla 3350 personar med rett kompotansen til å fylle dei ledige stillingane som er. I Vestland manglar det 5250.

Sjølv om den anslåtte mangelen på kvalifisert arbeidskraft er mykje lågare i år, er han framleis på eit veldig høgt nivå. Med unntak av 2022 og 2019, må vi tilbake til 2008 for å finne eit endå høgare nivå, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Flest ledig jobbar i Oslo
Mangelen på arbeidskraft har gått ned i heile landet samanlikna med i fjor, med unntak av Troms og Finnmark. Målt i absolutte tal er mangelen på arbeidskraft størst i Oslo, etterfølgd av Aust-Viken. Ser vi på mangelen på arbeidskraft målt i prosent, er den størst i Troms og Finnmark, etterfølgd av Nordland.

Ein av fire verksemder opplever rekrutteringsproblem. 26 prosent av verksemdene på landsbasis svarer at dei har hatt problem med å få tak i arbeidskraft dei siste tre månadene.

Mange bedrifter svarer at dei ikkje fekk tilsett nokon, medan andre igjen enda opp med å tilsetje folk med lågare eller annan formell kompetanse enn dei søkte etter.

For få helsearbeidarar

Yrkesgruppene det er størst mangel på:

*Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar og andre helsearbeidarar

*Butikk- og salsmedarbeidarar

*Kokkar

*Tømrarar, snikkarar, røyrleggjarar og elektrikarar

*Grunnskulelærarar

Det er klart størst mangel på arbeidskraft innan helse og omsorg, der det manglar rundt 13.000 personar. Mangelen på arbeidskraft innan bygg- og anleggsbransjen har gått kraftig ned, frå 13.700 personar i i fjor, til 7.600 personar i år. Samtidig er dette framleis næringa med nest størst mangel.

Lågare rekrutteringsoptimisme
Også forventninga om sysselsetjinga framover er svakare enn i fjor. I år er nettodelen verksemder som ventar vekst i sysselsetjinga det kommande året, på 13 prosent. Dette er ein nedgang frå 22 prosent i fjor og er dermed på sitt lågaste nivå sidan 2016.

(Nettodelen av bedrifter i denne samanhengen er talet på av bedrifter som vil auke talet på tilsette minus talet på bedrifter som vil redusere arbeidsstokken).

I Møre og Romsdal var nettodelen bedrifter som vil å auke bemanning 18 prosent for eitt år sidan. I år er andelen redusert til 11 prosent. I Vestland er tilsvarande tal 12 og 22 prosent.

25 prosent av verksemdene på landsbasis reknar med å auke bemanninga det kommande året, medan 11 prosent ventar ein reduksjon. 64 prosent trur ikkje det blir ei endring i bemanningssituasjonen.

Tilbakegangen i forventa rekruttering er størst innan overnatting og servering, bygg og anlegg og informasjon og kommunikasjon. Undervisningsnæringa er den einaste bransjen i rapporten som forventar negativ vekst.

Må leggjast til rette for fagarbeidarar
Ifølgje NAVS nye omverdseinanalyse vil behovet for kvalifisert arbeidskraft halde fram med å auke i åra framover. Analysen framhevar også global uvisse og risiko for auka inntektsforskjellar.

– Med tanke på det store behovet for fagarbeidarar, må det i større grad leggjast til rette for at arbeidstakarar får den opplæringa dei trengjer på arbeidsplassen. Både utdanningssektoren, Nav og arbeidsgivarane sjølv må jobbe saman for å finne gode løysingar, seier Holte.

Navs bedriftsundersøking vart gjennomført frå 30. januar til 17. mars i år blant eit representativt utval av alle dei offentlege og private verksemdene i landet. Nesten 11.000 verksemder har delteke i undersøkinga i år.

Publisert: 09.05.2023 08:01

Sist oppdatert: 09.05.2023 13:50

Mer om