Framleis ukultur hos fritidsfiskarar
STORE BESLAG: For nokre dagar sidan blei det gjort beslag av til saman 165 teiner i Nordfjord.
Nytt

Framleis ukultur hos fritidsfiskarar

Teinebeslaga er framleis høge – men éin ting har folk blitt flinkare til – og det gjer det lettare å fakke syndarane. 

Marius Rosbach
03.10.2019
Dei siste dagane har vist at det framleis er mykje ulovleg fangstreiskap i bruk i farvatna på Nordvestlandet.
Seinast onsdag kunne Fiskeridirektoratet melde at det var teke beslag i 112 ulovlege teiner og to ruser i kontrollar på Nordmøre, rundt Ålesund og på Søre Sunnmøre.

Hummarfiske starta 1. oktober

Seksjonssjef Karl-Anton Lorgen ved ressurskontrollseksjonen i region Midt seier omfanget er om lag som venta, etter tidlegare kontrollar kring starten av hummarfiske 1. oktober. Mange er også for tidleg ute i år.
– Det er omtrent det same som tidlegare år, og kanskje litt aukande. Det er bra at folk synes det er kjekt å vere ute på sjøen og fiske, men det er framleis ein ukultur mellom ein del folk som skal sikre seg sine plassar ved å vere tidleg ute, seier han.
Kontrollane med teinene til fritidsfiskarar har vore intensivert dei siste dagane, men det vil også bli gjort kontrollar i vekene framover.

Flinkare til å merke

I slike fellesaksjonar som no har vore, er det gjerne eit samarbeid mellom fleire etatar, som Statens naturoppsyn og Kystvakta – men også politiet blir involvert.
– Folk har blitt flinkare til å merke teinene sine, der har vi sett ei klar betring, påpeiker seksjonssjefen.
Ironisk nok fører det til at fleire av syndarane blir tekne:
– Vi dreg gjerne opp teiner med fullt namn og adresse – men med for små fluktopningar, seier Lorgen.

Tatt med 60 teiner

For nokre dagar sidan blei det gjort beslag av 165 teiner i Nordfjord – der ein og sama fritidsfiskar hadde 60 av desse. I stor grad dreiar brota seg om at teinene har for små fluktopningar. Forholda blir meld til politiet.
Å fiske med så mange teiner vitnar om erverv og er langt over reiskapsgrensa på 20 teiner som fritidsfiskarar har lov å fiske med, blei det påpeika i ei melding frå Fiskeridirektoratet.
- Når fritidsfiskarar som har inntekt frå anna verksemd fiskar med slike mengder går det ut over yrkesfiskarar som faktisk skal leve av å fiske. Vi får inn mange tips om ulovlege mengder reiskap og det kan bety at det er mykje ulovleg fiske blant fritidsfiskarar, utalde inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Les også:



Publisert: 03.10.2019 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40