Frederik Wilhelm Mohn inn i Fjord1 styret
SKIFTE: Vegard Sævik rykker opp til styreleiar i Fjord1. Han er også styreleiar i Havyard Group.
Nytt

Frederik Wilhelm Mohn inn i Fjord1-styret

Vegard Sævik blir ny styreleiar.

29.09.2017
Sævik og Mohn skal velgast på ei ekstraordinær generalforsamling 7. juli.
Selskapet kallar inn til ekstraordinær generalforsamling for å gjere selskapet om frå eit aksjeselskap (as) til eit almennaksjeselskap (ASA). Poenget med generalforsamlinga er å få formalitetane på plass slik at selskapet oppfyller krav for å bli noterte på hovudlista på Oslo Børs.

Nest størst

Frederik Wilhelm Mohn kjøpte seg inn i Fjord1 då Sævik-familiens selskap Havilafjord selde ut ein del av sine aksjar for å kunne børsmnotere selskapet.
Gjennom investeringsselskapet Perestroika eig han 7,76 prosent av aksjane i Fjord 1. Havilafjord eig 51,5 prosent.
Mohn er son til Trond Mohn, som i 2014 selde familiekonsernet Frank Mohn til Alfa Laval for 13 milliardar kroner.

Styreverv nummer to

Styreleiarvervet i Fjord1 er det andre tunge styrevervet for Vegard Sævik i selskap Sævikfamilien dominerer.
I mai vart han vald som styreleiar i Havyard Group, no blir han det i Fjord1, der han tek over etter Pål W. Lorentzen.

Saman med seg i Fjord1 styret får han Per Sævik, Janicke Westlie Driveklepp og Siri Beate Hatlen i tillegg til representantar som er vald av dei tilsette.

Vil på hovudbørsen

Fjord1 vart notert for handel på marknadsplassen Merkur Market i slutten av mai. Merkur Market er ein marknadsplass driven av Oslo Børs, men den har mindre strenge krav for å bli tatt opp til notering.

Målet for Fjord1 er å bli notert på hovudbørsen, og etter den ekstraordinære generalforsamlinga skal selskapet oppfylle krava for notering der.
Sævikfamiliens selskap Havila Holding, som eig Fjord1-aksjonær Havilafjord, eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 29.09.2017 08:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11