(NPK – Peder Skjelten): I 49 år har folkevalde fylkesting styrt i mellomrommet mellom kommunar og stat. No vil Høgre og Framstegspartiet leggje ned heile styringsnivået. Det trur regionforskar vil bli vanskeleg.
Høgre skriv i eit nytt forslag til Stortinget at gjentatte forsøk på å gjere fylkeskommunen til eit «meir relevant styringsnivå» ikkje har lukkast. Partiet meiner difor det er nødvendig å avvikle fylkeskommunen «raskast mogleg» eller «innan få år», skriv NRK.
Avtroppande Høgre-leiar Erna Solberg meiner større og sterkare kommunar kan overta mange oppgåver.
– Noreg må bli mindre byråkratisk. Vi er tungrodde og overadministrerte og har for mange som berre flyttar papir, seier Solberg til kanalen.

Sve: – Gjort med pennestrøk
Frank Sve (Frp) er folkevald til Stortinget og sit på same tid i fylkestinget i Møre og Romsdal, der han har vore i over 20 år. Partiet hans har òg foreslått å legge ned fylkeskommunen.
– Fylkeskommunen kunne blitt nedlagd i morgon, seier Sve til Nynorsk pressekontor.
Motstandarar av fylkeskommunen meiner han er eit unødvendig mellomledd som skapar byråkrati. Arbeidsoppgåvene kan overførast til større kommunar og staten.
Meiner kommunane kan ta ansvaret
Sve er spesielt overtydd om at kommunane sjølve kan ta over fylkesvegane. Det er eitt av hovudansvara til fylkeskommunane i dag. Han seier òg at det er ei enkel sak å overføre dei vidaregåande skulane til kommunane
– Dette kan gjerast med eit pennestrøk. Dei kommunane som har vidaregåande i dag, har fått ansvar for skulane. Og så har du hatt koordineringsråd i dei største byane, eller i departementet. Så det er ikkje eit problem, seier Sve.
Sp vil kutte i staten, ikkje i fylka
Til no er det Framstegspartiet og Høgre som vil fjerne mellomleddet mellom kommunar og stat. Det er truleg ikkje nok til å få det til, men ingen kjenner framtida, seier Sve.
– Eg ser for meg at det er mange politikarar i andre parti som ser at det er unormalt at fylkeskommunen skal eksistere slik han driv i dag.
Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar i Vestland. Han seier til NRK at Noreg treng tre styringsnivå.
Han meiner alternativet vil føre til ei «hardhendt kommunesamanslåing». Det er ikkje grunnlag for det langs kysten, der fjord og fjell gir lange reiseavstandar.
– Eit styresett med to forvaltningsnivå vil svekkje det lokale nivået og føre til meir sentralstyring. Staten vil alltid vere den sterke parten, og eg kan ikkje forstå at Høgre vil svekkje den lokale og regionale krafta på same tid som staten eser ut, seier Askeland til allmennkringkastaren.
Difor meiner han det må kuttast i staten, ikkje i fylkeskommunane.

Dagens ordning er frå 1976
Fylkeskommunane har røter tilbake til mellomalderen. Viktige avgjerder blei på den tida tekne på fylkestinget. I hundreåra sidan har fylkesting blitt til len, så frå 1660 amt og tilbake til fylke i 1918. Det skriv Store norske leksikon.
Fylkeskommunane vi kjenner til i dag, har sitt opphav frå 1976.
– Det var då folkevalde fylkesting skulle ta oppgåver i mellomrommet mellom primærkommunane og staten. Dei fekk då mellom anna ansvar for sjukehusstellet og dei vidaregåande skulane, seier Jon P. Knudsen, professor ved Universitetet i Agder.
– Vanskeleg å få til
Professoren har forska på regionale mønster og utfordringar i Noreg. Han sat òg i ekspertutvalet som blei nedsett i 2017 og leverte rapporten sin til Regionreforma i 2018.
– Høgre har i lengre tid meint at større kommunar kan ta meir ansvar, så har det vore vekslande stemmer i andre parti. Eg ser likevel føre meg at det er vanskeleg at dette skal skje. Det måtte ha vore ei omfattande kommunereform for å skape sterkare og større kommunar for å ta over arbeidsoppgåvene. Noreg er så spreidd busett at det hadde vore vanskeleg å få til.
Endre helseføretaka
Knudsen meiner det er meir naturleg å sjå på styreforma for helseføretaka, og om det er mogleg å føre sjukehusa tilbake til fylkeskommunane.
– Sjukehusa blei tekne ut av arbeidsporteføljen til fylkeskommunane og overførte til eigne helseføretak i 2001. Dette har vore ein kritisert modell. Folk kjenner seg framandgjorde i sine eigne helsevesen, og det er anonyme personar som styrer som ingen veit å stille til ansvar.
(©NPK)
Publisert: 26.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 25.11.2025 22:43






