
Frykta ikkje cruiseproblem før utbygging
Nils Eirik Wenaas satsa kring 420 millionar kroner på Waterfrontkvartalet i Ålesund.
Wenaas er medeigar i eigedominvesteringselskapet Wenaas Eftf og styreleiar i datterselskapet Strandgaten Brygge, som denne veka er i Møre og Romsdal tingrett i ein strid med Ålesundregionens Havnevesen.
Strandgaten Brygge sin eigedom omfattar mellom anna bygget som husar Waterfront Hotel. Striden gjeld kor mykje av plassen framfor eigedomen havnevesenet kan bruke til å fortøye cruiseskip.
Meiner unntaket er blitt regelen
Frå vitneboksen understreka Wenaas at han ikkje er mot cruisetrafikk. Det er å få 70 meter høge skutesider 80 meter inn framfor Strandgaten Eigedom, han og hotellet der han er i mot.
Han var også open for at hamnevesenet kunne bruke sjøen framfor Strandgaten Brygge-eigedomen av og til, men ikkje som no - der unntaket er blitt regelen, ifølgje Wenaas.
Tenkte aldri at cruise kunne bli eit problem
At det skulle bli slik var ikkje noko han tenkte på då Strandgaten Brygge og havnevesenet inngjekk ein avtale i 2009, fortalde Wenaas i retten.
Då var området og bygga kjøpt nokre år før, for å utviklast til bustad- og forretningsverksemd. I alt var det ei investering på omlag 420 millionar kroner, ifølgje Wenaas si forklaring.
2009-avtalen gav mellom anna gav havnevesenet rett til å sette opp to pullertar til å fortøye skipa i på Strandgaten Brygge sin eigedom.
Meiner hamnevesenet må bygge meir kaiplass
No tolkar partane avtlalen stikk motsett. Strandgaten Brygge meiner avtalen berre skulle sikre at havnevesenet skulle få nytte si eiga cruisekai, Prestebrygga, fullt ut.
Er det slik at hamneveseet manglar kapasitet til å ta i mot cruiseskip så er svaret å bygge ut meir kapasitet, ikkje ta seg til rette framfor andre sin eigedom, sa Wenaas i retten.
Er blitt fleire lange skip
Det er når det kjem to av dei største cruiseskipa - over 250 meter lange - på same dag, at kaiene til hamnevesenet blir i kortaste laget. Slike skip et det blitt fleire og fleire av.
I fjor kom 282 cruiseskip til Ålesund. 147 av dei var over 250 meter lange. I år er det venta 168 skip i den storleiken til Ålesund.
Til samanlikning var det berre 26 av cruiseskipa som kom til Ålesund i 2011 som var over 250 meter lange.
Bygde ut fleire rom
Wenaas krakteriserte striden om cruiseskipa som både demobiliserande og krevande.
Då hamnevesenet sin advokat, Nils Grytten, spurte om kvifor selskapet nyleg valde å bygge ut hotellet med fleire rom dersom cruiseskipa er eit stort problem, svarte Wenaas at utbygging var eit betre alternativ enn å halde fram å la den delen av bygget stå tomt.
Publisert: 28.05.2024 05:00
Sist oppdatert: 28.05.2024 00:51