Den ferske konjunkturrapporten til Sparebank1 SMN viser ei dramatisk forverring for hotell- og restaurantbransjen i Trøndelag og Møre og Romsdal etter koronaepidemien kom.
Før epidemien var det 394 bedrifter i denne bransjen som hadde ein negativ eigenkapital. I dag er det 885. Ser vi kor mange personar som jobbar i desse bedriftene er auken mykje større, frå 3239 før koronaepidemien til 13.282 personar i dag.
Hotell- og restaurantbransjen er i særklasse den delen av reiselivet der koronaepidemien har ramma hardast, og banken fryktar auken i talet på bedrifter med negativ eigenkapital kan føre til fleire konkursar framover. Det kom fram då banken la fram konjunkturbarometeret på ein webinar i formiddag, fredag 6. november.
Til saman arbeider no 43.000 personar i Trøndelag og Møre og Romsdal i selskap med negativ eigenkapital, mot 17.000 før epidemien kom.
Då epidemien og tiltaka mot den kom sakk stemninga som ein stein, berre for å fyke til vers igjen etter et par månadar.
I mars frukta 75 prosent av bedriftene negative konsekvensar av koronaepidemien. I dag er det 45 prosent som svarar det same, og forventningane til framtida er omlag på nivåer frå før epidemien.
10 prosent av bedriftene, med 37.800 tilsette, seier at epideminen har sterk negativ påverknad for deira bedrift.
I den motsette enden av skalaen svarar tre prosent av bedrifter, med 15.800 tilsette, at epidemien har slått positivt ut for dei.
Før epidemien var det 394 bedrifter i denne bransjen som hadde ein negativ eigenkapital. I dag er det 885. Ser vi kor mange personar som jobbar i desse bedriftene er auken mykje større, frå 3239 før koronaepidemien til 13.282 personar i dag.
Hotell- og restaurantbransjen er i særklasse den delen av reiselivet der koronaepidemien har ramma hardast, og banken fryktar auken i talet på bedrifter med negativ eigenkapital kan føre til fleire konkursar framover. Det kom fram då banken la fram konjunkturbarometeret på ein webinar i formiddag, fredag 6. november.
Til saman arbeider no 43.000 personar i Trøndelag og Møre og Romsdal i selskap med negativ eigenkapital, mot 17.000 før epidemien kom.
Rett ned, og opp igjen
Banken måler også graden av optimisme i næringslivet.Då epidemien og tiltaka mot den kom sakk stemninga som ein stein, berre for å fyke til vers igjen etter et par månadar.
I mars frukta 75 prosent av bedriftene negative konsekvensar av koronaepidemien. I dag er det 45 prosent som svarar det same, og forventningane til framtida er omlag på nivåer frå før epidemien.
Store skilnadar
Konsekvensen av koronaepidemien er svært ulikt fordelt.10 prosent av bedriftene, med 37.800 tilsette, seier at epideminen har sterk negativ påverknad for deira bedrift.
I den motsette enden av skalaen svarar tre prosent av bedrifter, med 15.800 tilsette, at epidemien har slått positivt ut for dei.
Publisert: 06.11.2020 10:00
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:08