ALFRED BJØRLO FOTO OGNE
SPØRSMÅL: Stortingsrepersentant Alfred Bjørlo (V) meiner planen om å forsyne gassanlegg på Melkøya med straum frå land er ein hårreisande dårleg ide, som kan gå ut over Vestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fryktar Vestlandet taper på Melkøya-elektrifisering

Vil ha statsrådsgaranti for Vestlandskraft.

10.08.2023

I eit skriftleg spørsmål til Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) ber stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) om at statsråden garantere at planane for oppgradering av kraft og nett i Finnmark ikkje går ut over utviklinga av kraft og nett på Vestlandet. Han spør og kva som blir gjort for sikre ei raskare planlegging og utbygginga av nett og kraft på Vestlandet.

På Melkøya i Finnmark eig og driv Equinor eit anlegg som kjøler ned gass frå Barentshavet til flytande naturgass (LNG) for vidare transport på skip ut til kundane. Denne veka varsla regjeringa at den går inn for at gasskraftverket på Melkøya, som forsyner LNG-anlegget med kraft i dag, skal erstattast med straum frå land. Det er Bjørlo usamd i og fryktar Vestlandet får svi for vedtaket.

Hårreisande dårleg idé
- Venstre meiner det er ein hårreisande dårleg idé å elektrifisere Melkøya med kraft frå land. Det vil suge ut enorme mengder straum frå kraftnettet på land i Finnmark og Troms, slik at det blir nødvendig med massiv ny utbygging av kraft og linjenett der. Venstre meiner gasskraftverk med CO2-lagring og deponering er ei mykje betre løysing for å kutte CO2-utslepp frå olje- og gassaktivitet på sokkelen. Då sparer ein kraft på land, som heller bør brukast til ny næringsutvikling og utsleppskutt i eksisterande industri på land, skriv Bjørlo i ei pressemelding.

Han er mellom anna redd det er ikkje er kapasitet i statsforvaltninga til å behandle alle sakene og kraft- og nettutbygging.

- Venstre aksepterer ikkje at Ap/Sp-regjeringa på nytt skal svikte Vestlandet. No må Vestlandet stå samla på våre krav for utvikling til ei grøn framtid, der kraft og nett blir brukt til ny næringsutvikling i nye næringar, ikkje for at oljeselskap skal sleppe å investere i CO2-fangst og -lagring for å handtere eigne CO2-utslepp, seier Bjørlo i pressemeldinga.

Publisert: 10.08.2023 08:52

Sist oppdatert: 10.08.2023 08:52