Nytt
Fryktar viktige miljø kan gå tapt
Converto-sjef Jan Petter Hagen er redd viktige miljø går tapt om dei store skipsbyggingskonserna ikkje klarer seg.
20.10.2020
Både Vard, Ulstein og Havyard samlar skipsdesign, skipselektro og utstyrs-utvikling og produksjon under same paraply - i tillegg til å bygge skip.
Det er selskap heilt i verdsklasse, som det maritime miljøet på Nordvestlandet vil tape på om dei blir borte, meiner Jan Petter Hagen i investerings- og konsulentselskapet Converto.
Før han kom til Converto i 2017 var han i tre år i leiinga i Rolls-Royce Marine (no ein del av Kongsberg Gruppen), som ansvarleg for omstilling og kostnadsreduksjonar i takt med ein fallande marknad.
- Det er fantastisk at små og mellomstore (verft.red. merk) tener pengar, seier Hagen.
Då han gjekk frå Rolls-Royce Marine til Converto spådde han at den maritime klynga på Nordvestlandet ville overleve.
No er han bekymra for at det han meiner er ein viktig del av klynga, dei store selskapa.
- Det eg er bekymra for er om fleire av dei skal forsvinne, for dei har ikkje berre verft men dei har også ofte design samt elektro og automasjonsselskap. Desse selskapa er viktige som systemintegratorar, seier han.
Styresmaktene både kan og bør framskunde bygging av planlagte skip til forsking, kystvakt og forsvaret for å gi drahjelp til den maritime klynga, meiner Hagen.
Med konkursen i Kleven er også kapasiteten hos eitt av dei største verfta i Noreg i alle fall mellombels redusert, fordi det er få tilsette att.
Om skipsbyggingskapasiteten blir ytterlegare redusert er ikkje råd å svare på, meiner Hagen.
- Det er marknaden og deira evne til å vinne kontrakter i dette som avgjer det, og beslutningar dei sjølve tek, seier han.
Det er selskap heilt i verdsklasse, som det maritime miljøet på Nordvestlandet vil tape på om dei blir borte, meiner Jan Petter Hagen i investerings- og konsulentselskapet Converto.
Før han kom til Converto i 2017 var han i tre år i leiinga i Rolls-Royce Marine (no ein del av Kongsberg Gruppen), som ansvarleg for omstilling og kostnadsreduksjonar i takt med ein fallande marknad.
Todelt bransje
2019-reknskapa til norske skipsverft fortel om ein todelt bransje, der dei store selskapa har gått på store tap i fleire år medan dei mindre og mellomstore stort sett går i pluss.- Det er fantastisk at små og mellomstore (verft.red. merk) tener pengar, seier Hagen.
Då han gjekk frå Rolls-Royce Marine til Converto spådde han at den maritime klynga på Nordvestlandet ville overleve.
No er han bekymra for at det han meiner er ein viktig del av klynga, dei store selskapa.
- Det eg er bekymra for er om fleire av dei skal forsvinne, for dei har ikkje berre verft men dei har også ofte design samt elektro og automasjonsselskap. Desse selskapa er viktige som systemintegratorar, seier han.
Styresmaktene både kan og bør framskunde bygging av planlagte skip til forsking, kystvakt og forsvaret for å gi drahjelp til den maritime klynga, meiner Hagen.
Redusert kapasitet
I 2019 avvikla Vard to verft, i Brevik og på Aukra, og sit att med tre verft i Noreg.Med konkursen i Kleven er også kapasiteten hos eitt av dei største verfta i Noreg i alle fall mellombels redusert, fordi det er få tilsette att.
Om skipsbyggingskapasiteten blir ytterlegare redusert er ikkje råd å svare på, meiner Hagen.
- Det er marknaden og deira evne til å vinne kontrakter i dette som avgjer det, og beslutningar dei sjølve tek, seier han.
Publisert: 20.10.2020 06:00
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:59