Lote Anda batteri
PRISKUTT: Ferjeprisane skal ned, men reaksjonane er blanda. Her frå sambandet Lote - Anda. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Frå ellevill jubel til avmålt begeistring

Det er blanda reaksjonar etter Framstegspartiet i helga blei samd med regjeringspartia om å kutta ferjeprisane.

NPK
07.06.2021

Reduksjonen på 25 prosent av ferjeprisane kjem etter at stortingsfleirtalet med Ap, Sp, Raudt og Frp i februar bad regjeringa kutte ferjeprisane.

Partia bad partia om ein forpliktande plan for ei halvering av ferjeprisane både på riksveg- og fylkesvegsamband. Partia har også føreslege at lågare takstar for pendlarar skal prioriterast og at staten skal betala reduksjonen.

Frå ti til 25 prosent kutt
Forslaget frå regjeringa var eit kutt på ti prosent i år og ei halvering av ferjeprisane innan 2025. I staden fekk Frp altså regjeringspartia med på eit forslag om 25 prosent lågare ferjetakstar frå 1. juli i år.

I Frp-leirar blir vedtaket og avtalen om revidert nasjonalbudsjett omtalt som ein budsjettsiger og eit stort gjennombrot.

– Det har vore ei blanding av 17. mai og julaftan på telefonen. Folk har heist flagget. Det har vore ein veldig kjekk dag, seier stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp) til NRK etter feiringa av forhandlingane søndag.

Leiaren i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), meiner på si side at Frp i røynda berre har redusert ferjetakstane om lag like mykje som partiet i si tid skrudde opp prisen då dei kom i regjering og at vedtaket difor ikkje er så mykje å feira.

Det er Steffensen i Frp usamd i. Han viser til at Senterpartiet sjølv røysta for å auka ferjeprisane over Boknafjorden mellom Mortavika og Arsvågen for ni år sidan (som Pollestad brukte som døme), medan Frp røysta mot.

– Eit steg i rett retning
Dagleg leiar i interesseorganisasjonen «Ferjeaksjonen Møre og Romsdal», Henrik Dalelid Vedde, kallar kuttet i ferjeprisane ei gledeleg overrasking.

– At vi får ein reduksjon i ferjeprisane no er hyggjeleg, men eg synest absolutt det var på høg tid med tanke på ferjebråket som har vore ei god stund, seier Dalelid Vedde til Sunnmørsposten.

Han meiner vedtaket eit spadetak i rett retning, men er samtidig klar på at det står mykje att og er ikkje imponert over regjeringspartia.

Revidert nasjonalbudsjett blir vedteke av Stortinget.

Publisert: 07.06.2021 11:52

Sist oppdatert: 07.06.2021 13:36

Mer om