Ingen konkrete krav fraa ferjeklubben
PÅ MØTE: Fylkesordførar Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal deltok på møtet mellom ferjefylka i dag. Målet for samarbeidet er å få ned kostnadane for dei reisande.
Nytt

Ingen konkrete krav frå «ferjeklubben»

Fire kystfylke og KS presenterte fredag samarbeidet sitt for å få ned ferjeprisane. Dei kom likevel ikkje med konkrete krav til regjeringa.

01.04.2020
NPK-NTB: Fylka og KS står samla om dette krav: Regjeringa må betale meir av det det kostar å legge om til grøn ferjedrift. Omlegginga er ei av årsakene til dei auka billettprisane, som har skapt ferjeopprør langs kysten. Men i det nordlegaste fylket i landet har ikkje det grøne ferjeskiftet komme så langt, og slik kan det bli verande, åtvarar fylkesordføraren.
– I Troms og Finnmark går det ein diskusjon om vi må sette på vent elektrifisering av ferjer. Viss det er sånn at ein ikkje får den kompensasjonen som er nødvendig, så ryk det framleis diesel frå ferjene i framtida, seier Mo. Han gjer det klart at det er umogleg å ta av pengar det langstrekte fylket bruker på skule.

Diesel i åtte år til?

Fylkesrådsleiar Tomas Nordvoll (Ap) i nabofylket Nordland seier det er avgjerande å få ei avklaring frå staten i vår. Her skal det nemleg leggjast ut 20 ferjesamband på anbod dei neste par åra, fleire allereie i år. Avtalane gjeld for åtte år.
– Skal vi køyre med umoderne dieselferjer i åtte år til, tar ikkje vi ansvaret vårt i det grøne skiftet. Det kan vi ikkje gjere. Vi bruker fire millionar tonn diesel i året på ferjene, det er rett og slett ikkje haldbart, seier han til NTB.
I Møre og Romsdal har dei komne mykje lengre med å elektrifisere ferjene. Dei bidrar dermed til å oppfylle målet til regjeringa om å kutte utsleppa kraftig i transportsektoren. I Møre og Romsdal har det bidratt til kraftig auka billettprisar – og sinne blant pendlarane.
Vestland kan òg skryte av å ha gått i front og bidratt til å legge om ferjedrifta, men utan at dei har lagt kostnaden over på dei reisande. Men dersom ikkje staten bidrar meir, vil det få konsekvensar for driftsbudsjetta for neste år, åtvarar fylkesordførar Jon Askeland (Sp). Det kan bety kutt i både skule- og vegbudsjett.

Ingen konkrete krav

Fylka og KS la ikkje fram nokon sum eller noko konkret krav til regjeringa på pressekonferansen på fredag. Første skritt for den nye «ferjeklubben» er å sørgje for at dei og regjeringa er samde om kor mykje det grøne skiftet faktisk kostar dei.
– Vi må ut av den dumme debatten der fylka seier vi har for lite pengar og regjeringa seier vi har nok og eigentleg for mykje. Det er kreativ talmagi, det er ingen som får noko ut av ho, seier Nordvoll.
– Dei reisande ber oss om å slutte å krangle. Fix it! seier Askeland.

Publisert: 01.04.2020 17:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52