Fraa laks til kvitfisk for Jon Hallvard Roaldsnes
KVITFISK: Etter 23 år med laksesal, satsar Jon Hallvard Roaldsnes på kvitfisksal gjennom det nystarta selskapet Nordic Wildfish.
Nytt

Frå laks til kvitfisk for Jon Hallvard Roaldsnes

Han har jobba med laksesal sidan 1991. No vert det kvitfisk for Jon Hallvard Roaldsnes gjennom det nystarta selskapet Nordic Wildfish.

05.12.2014
- Det er ei tid for alt. Då Marine Harvest avgjorde at sals- og logistikkavdelingane vart sentraliserte til Bergen, bestemte eg meg etter kvart for å gjere noko anna, seier Roaldsnes.
Valderøyingen har vore saldirektør i Marine Harvest sidan 2003, men arbeidde før det med laksesal i selskap som Hallvard Lerøy, Delfa og Pan Fish. Han legg ikkje skjul på at han var skuffa dåp Marine Harvest flytta salsavdelinga til Bergen.
- Marine Harvest var eit fantastisk selskap å jobbe i, men eg ønskte ikkje å flytte til Bergen eller å pendle mellom Valderøya og Bergen.

Fire frysetrålarar

I staden skal no Roaldsnes hjelpe familieselskapet Roaldsnes med å selje kvitfisken.
- Salsarbeidet har nok ikkje alltid vore like mykje i fokus. Dette ønskjer vi no å gjere noko med.
Fiskeriselskapet Roaldsnes har dei fire frysetrålarane Molnes, Roaldnes, Stornes og Langenes.

Stort potensiale

Selskapet omsette i 2013 for 145 millionar kroner, men hadde eit resultat før skatt på minus 7,6 millionar kroner.
Jon Hallvard Roaldsnes meiner at potensialet er stort.
- Kvotene er på samla 25.000 tonn kvitfisk. Det er eit interessant volum for å byggje langsiktige kunderelasjonar på, seier han.

Oppstart 1. januar

Han er sjølv ikkje aksjonær i fiskeriselskapet Roaldnes, men vil eige 65 prosent i det nystarta salsselskapet Nordic Wildfish. Resten er eigd av fiskeriselskapet Roaldnes, der Jon Hallvard sine brødre brørne Tore og Paal er sentrale aksjonærar, i tillegg til slektningen Jan Harald.
Salsselskapet Nordic Wildfish vart oppretta så seint som 1. desember, med mål om å starte 1. januar.
- Det er litt nytt det heile, men målet er å byggje opp eit godt salsselskap, i tillegg til at vi nok etter kvart også vil involvere oss i produktutvikling.

Produktutvikling

Han seier at på litt sikt ser ein for seg å produsere meir om bord, inkludert ferdig pakka produkt som kan seljast direkte til sluttmottakaren på land.
- Eg trur det er mykje å hente på produktutvikling av kvitfisk.
Han tek med seg erfaringane frå laksesal over til kvitfiskmarknaden.
- Eg trur ikkje spranget frå laks til kvitfisk vert så stort. Verda treng også kvitfisk.
Eg trur det er mykje å hente på produktutvikling av kvitfisk

Publisert: 05.12.2014 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39