Nytt
Full fart etter konkursen
Stordal Møbel har reist seg etter konkursen og produserer det dei maktar for den norske og utanlandske marknaden.
Administrator
23.01.2015
- Vi har hatt så mykje å gjere som vi greier å produsere med eit fornuftig opplegg, seier dagleg leiar Gunnar Stavseng som ikkje har tankar om å flagge ut produksjonen til lavkostland.
Produktkomiteen i Møbelringen var veldig fornøgde med det dei fekk sjå under eit besøk hos Stordal Møbel på slutten av fjoråret.
- No er vi i full gang med å produsere utstillingsmøblar til sytti Møbelringen-butikkar over heile landet, fortel Stavseng.
Med normalt sal forventar Stavseng at verdien av ein slik kontrakt vil ligge på godt over 20 millionar kroner for produsenten i Stordal i løpet av eit år.
Stordal Møbel samarbeider også med Fagmøbler-kjeda, medan eksporten no er konsentrert om den franske marknaden i tillegg til Be-Ne-Lux-landa.
- Vi hadde satsa stort og brukt mange millionar i Tyskland då krakket kom. Og vi hadde kostnader som ikkje var råd å reversere, fortel Stavseng.
Som fersk leverandør var Stordal mellom dei fyrste som rauk ut. Sverige rauk også i same slengen, og med erfaring frå det som skjedde i 2008-2009 satsar Stordal i dag på færre marknader og færre produktvariantar.
Og sjefen sjølv meiner det ser bra ut framover.
- Men åra har lært meg at det går fort både den eine og den andre vegen, legg Stavseng til.
På toppen i 2006 leia Stavseng ein fabrikk med 90 tilsette og ei årsomsetning på 120 millionar kroner. Over halvparten av omsetninga kom frå den franske marknaden.
I tillegg til innkjøp av norsk design har Stordal også si eiga avdeling for produktutvikling. På komponentsida kjøper bedrifta ein avgrensa del frå Baltikum, og Stavseng seier dei ikkje har planar om å auke den utanlandske andelen av produksjonen.
- Vi har vurdert det, men for ein produsent i premium-sjiktet er det viktig å ha høg fokus på kvalitet.
- Det er ikkje lavpris vi styrer med, og dermed må vi ha kontrollen sjølv på både produksjon og kvalitet, seier han.
På heimemarknaden får kursutviklinga motsett effekt all den tid hud og mesteparten av tekstilar blir innkjøpt frå euroland som Italia og Belgia.
- Hadde omsetninga vore likt fordelt på Norge og Europa så hadde det balansert. Men på grunn av euro-styrkinga er vi no tvinga til å legge på prisane på den norske marknaden, seier Stavseng.
Produktkomiteen i Møbelringen var veldig fornøgde med det dei fekk sjå under eit besøk hos Stordal Møbel på slutten av fjoråret.
- No er vi i full gang med å produsere utstillingsmøblar til sytti Møbelringen-butikkar over heile landet, fortel Stavseng.
Stor kontrakt
Møbelringen har bestilt utstillingsmøblar for 3,5 millionar kroner, og alt må vere klart til den nye kolleksjonen skal presenterast tidleg i juni.Med normalt sal forventar Stavseng at verdien av ein slik kontrakt vil ligge på godt over 20 millionar kroner for produsenten i Stordal i løpet av eit år.
Stordal Møbel samarbeider også med Fagmøbler-kjeda, medan eksporten no er konsentrert om den franske marknaden i tillegg til Be-Ne-Lux-landa.
Vekkasta investering
Konkursen i 2013 var ifylgje Stavseng ikkje til å unngå slik bedrifta hadde satsa på forventningar som forsvann med finanskrisa.- Vi hadde satsa stort og brukt mange millionar i Tyskland då krakket kom. Og vi hadde kostnader som ikkje var råd å reversere, fortel Stavseng.
Som fersk leverandør var Stordal mellom dei fyrste som rauk ut. Sverige rauk også i same slengen, og med erfaring frå det som skjedde i 2008-2009 satsar Stordal i dag på færre marknader og færre produktvariantar.
Og sjefen sjølv meiner det ser bra ut framover.
- Men åra har lært meg at det går fort både den eine og den andre vegen, legg Stavseng til.
På toppen i 2006 leia Stavseng ein fabrikk med 90 tilsette og ei årsomsetning på 120 millionar kroner. Over halvparten av omsetninga kom frå den franske marknaden.
Må ha kontrollen
I dag tel arbeidsstokken eit tjuetals personar til saman ved fabrikken som har budsjettert med ei omsetning på rundt 35 millionar kroner for inneverande år.I tillegg til innkjøp av norsk design har Stordal også si eiga avdeling for produktutvikling. På komponentsida kjøper bedrifta ein avgrensa del frå Baltikum, og Stavseng seier dei ikkje har planar om å auke den utanlandske andelen av produksjonen.
- Vi har vurdert det, men for ein produsent i premium-sjiktet er det viktig å ha høg fokus på kvalitet.
- Det er ikkje lavpris vi styrer med, og dermed må vi ha kontrollen sjølv på både produksjon og kvalitet, seier han.
Tvinga til prisauke
Om lag 30 prosent av omsetninga kjem frå eksport. For denne delen av forretninga slår det positivt ut når den norske krona svekkar seg slik den har gjort den seinare tida.På heimemarknaden får kursutviklinga motsett effekt all den tid hud og mesteparten av tekstilar blir innkjøpt frå euroland som Italia og Belgia.
- Hadde omsetninga vore likt fordelt på Norge og Europa så hadde det balansert. Men på grunn av euro-styrkinga er vi no tvinga til å legge på prisane på den norske marknaden, seier Stavseng.
Det er ikkje lavpris vi styrer med, og dermed må vi ha kontrollen sjølv på både produksjon og kvalitet
Publisert: 23.01.2015 10:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40