Datasenter blir eit straumsluk
NÆRMAR SEG TAKET: På Nordvestlandet er Lefdal Mine Datacenter i fjellet mellom Måløy og Nordfjordeid er mellom mange straumslukande datasenter. Dei har godt med plass, men vil ha behov for meir straum i slutten av 2027.
Nytt

DNV-rapport: Datasenter sluker kraftoverskotet

Norge er attraktivt for straumslukande aktørar som står i kø for norsk kraft.

07.12.2025

(NPK – NETT.NO): Lefdal Mine Datacenter som er plassert i fjellet mellom Måløy og Nordfjordeid har plass nok. 

Men dagleg leiar Jørn Skaane fortalde tidlegare i år til Nett No at dei har straumen dei treng i dag  - men at dei vil nå taket for kapasiteten mot slutten av 2027. 

Meir bruk av kunstig intelligens er mellom årsakene til at straumbehovet har vekse, og Lefdal Mine Datacenter er ikkje åleine om å trenge meir straum.

I 2022 fekk Lefdal Mine Datacenter på plass ein straumforsyningskapasitet på 80 Megawatt (MW).

rekna Skaane med at det ville ta 6-7 år før datalagringssenteret var blitt så stort at 80 MW-kapasiteten vart fullt utnytta. Det betydde i 2028-2029. Noe er det altså snakk om 2027. 

80 megawatt tilsvarar straum til 32.000-40.000 husstandar, ein mellomstor norsk by. 

Datasenterdriven etterspørselsvekst
Sidan 2018 har norske regjeringar marknadsført Noreg som ein attraktiv datasenternasjon. Talet på datasenter har sidan det auka og dei har teke ein stadig større del av kraftmarknaden her i landet.

I ein rapport frå DNV om kraftsituasjonen i Noreg fram til 2060, blir det spådd at landet tidlege i 2030-åra kjem til å ha større behov for straum enn det finst tilgang på ny kraft. Veksten i datasenter er ei sentral årsak.

Eit datasenter er ein stad der store mengder data blir lagra. Ein annan måte å seie det på er at datasenter er «skya», der du lagrar filer på nettet. Slike datasenter blir brukt av deg, verksemder og styresmaktene.

Men dei er svært kraftkrevjande. Det er snakk om mange og store datamaskinar som går på straum i fleire titals datasenter døgnet rundt. Og det siste året har det blitt fleire av dei. I fjor brukte norske datasenter om lag 1–1,6 TWh straum, tilsvarande rundt ein prosent av kraftforbruket. 

58 datasenter på landsbasis

Frå nyttår i år blei det innført pliktig nasjonal registrering av datasenter. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) fører registeret.

I juli i år var 58 datasenter registrerte, drivne av 38 operatørar. I haust hadde talet stige til om lag 85. Nokre aktørar er truleg framleis ikkje registrerte. Fire datasenter er unnatekne offentleg innsyn i registeret av omsyn til tryggleik, til dømes knytt til forsvar, finans eller telekom.

Lefdal Mine Datacenter Sigrun Aasland Gunnar Boe foto
MÅLØY: I sommar innvia forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland Norges kraftigste superdatamaskin ved Lefdal Mine Datacenter. Den skal hjelpe forskarar over heile landet, ikkje minst med kunstig intelligens. Foto: Sigma2

Fleire i kø
DNV-rapporten reknar med at datasentera vil gå frå ein kraftbruk på 1,6 TWh i dag til 15 TWh i 2040. Det tilsvarar sju prosent av Noregs totale straumforbruk. Vidare fram mot 2060 meiner DNV at kraftforbruket frå datasentera vil bli på 29 TWh.

Prognosar frå Thema Consulting, NVE og Statnett viser at datasenter kan stå for 6 prosent av norsk kraftforbruk i 2030, 9 prosent i 2040 og 11 prosent i 2050. NVE og Statnett vurderer datasenter som ein av dei viktigaste aktørane for auka kraftforbruk fram mot 2030.

Per desember 2025 står om lag 96 nye datasenterprosjekt i kø for å få nettilknyting. Desse etterspør meir enn 7000 MW effekt, noko som kan tilsvare rundt 65 TWh årleg forbruk ved full drift – om lag halvparten av dagens norske kraftforbruk.

Utanlandske eigarar
Det er fleire grunnar til at Noreg er ein attraktiv stad for å etablere datasenter. Dei viktigaste er at vi har fornybar energi med lågare straumprisar enn elles i Europa, god tilgang til fibernettverk, robust straumnett, temperert klima og at det er eit trygt land for datalagring av tryggleiksomsyn.

Kritikken mot datasentersatsinga til regjeringa har likevel auka. Miljøorganisasjonar, delar av fagrørsla og fleire politiske parti meiner at planlagd kapasitet overstig nasjonale behov og at store mengder norsk kraft blir bunden opp for globale teknologiselskap.

Den tredje nasjonale datasenterstrategien, lagt fram sommaren 2025, fører linja vidare, men med sterkare vekt på berekraft, naturomsyn og tryggleik.

Ei kartlegging basert på Nkom-registeret i september viste at over halvparten av selskapa bak norske datasenter har utanlandske eigarar. Fleire er registrerte i mellom anna Luxemburg, Nederland, Singapore og Canada. Bransjen meiner dette ikkje er problematisk så lenge anlegga er underlagt norske lover og sikkerheitskrav.

Publisert: 07.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 06.12.2025 10:20

Mer om