Full fart på loddefelta
Nokre har også starta med rognproduksjon.
Den siste veka har det vore veldig godt loddefiske med heile 41.400 tonn innmeldt av totalkvota på 60.500 tonn, ifølgje sildelaget.
Den siste veka har nokon starta med produksjon av lodderogn, men det meste av fangstane er omsett til konsum med ulik produksjon.
Mange fangstar i helga
Både fredag og laurdag var det full fart på felta med 24 og 27 innmeldte fangstar.
Beste loddedøgn var måndag med 8.800 tonn, og det er ringnotflåten som har fiska mest, skriv Norges Sildesalgslag meldinga.
Lodda har vært noko mindre i år enn i fjor. At ho-lodda med rogn blir liten går interessa ned marknadene ute i verda.
Mest rogn i fisken nord for Sonja
Fisket har skjedd over eit stort område med avstandar på meir enn 400 nautiske mil mellom dei austlege og vestelege felta.
I vest har det vore fiska nord av Senja, og her er det teke lodde med høgast rognprosent. Fangstar tatt i helgen i dette område hadde rennande rogn og lodda er snart i gytinga. Det mest austlige feltet har vore utanfor Berlevåg.
Det er venta framleis stor aktivitet på loddefiske denne veka, og meste parten av restkvota vil gå til pressing av lodderogn, melder sildelaget.
Færre på kolmule
Fleire båtar er ferdig med kolmulefiske og det var færre båtar i dette fiske i veka som gjekk.
13 båtar har meldt inn fangstar på 23.900 tonn. Kolmula er no på vandring nordover, og det er venta få båtar i dette fisket den komande veka.
Nokre få båtar har jakta hestmakrell den siste veka, og fem båtar har fiska 100 tonn. Det meste er teke i fjordane på Nordmøre, med snittvekter på 650 gram.
Publisert: 11.03.2024 11:03
Sist oppdatert: 11.03.2024 11:08