Roger Lunde Ekornes sjef foto Ogne
VEKST: Ekornes hadde 10 prosent vekst i fjor og skal vekse også i år, seier konsernsjef Roger Lunde.
Nytt

Full gass sikra 200 millionar ekstra

Ekornes-konsernet avslutta permitteringar og tilsette folk allereie før møbeloppturen kom i fjor. Det sikra ekstra inntekter.

25.02.2021

Permitterte hos Ekornes blei kalla tilbake etter det første koronasjokket i mars/april 2020 og oppsagde blei tilbode å få jobbane attende tidlegare enn marknaden tilsa. Ekornes avbestilte heller ikkje råvarer eller komponentar, men bad i verste fall leverandørane til å vente nokre få veker.

Konsekvensen av dette var at Ekornes kunne fylle opp lager med ferdige møblar, som fekk bein å gå på då folk byrja å pussa opp og skaffe seg nye møblar.

Hadde Ekornes venta ville selskapet rett og slett ikkje ville hatt møblar å selje og gått glipp av omlag 200 millionar kroner i tapt sal i fjor, anslår konsernsjef Roger Lunde.

Lærte av finanskrisa
Lunde var fersk som konsernsjef i Ekornes då koronakrisa kom, men i staben sin har han folk med erfaring frå finanskrisa 2008-2009.

Dei fortalde han at situasjonen like etter Ekornes hadde gjorte dei første permitteringane og oppseiingane, byrja å likne på det dei såg under finanskrisa - at etterspørselen ville skyte i veret etter det første sjokket.

Dermed framskunda Ekornes returen til full drift, og fekk betalt for det.

Styrka ut av krisa
Ordrereserven til Ekorneskonsernet var på 874 millionar kroner ved utløpet av 2020, 133 prosent høgare enn ved starten av året.

(saka held fram under)

Eg vil gjerne skryte av kulturen og og menneska
Roger Lunde, konsernsjef i Ekornes
Edvard lie ekornes montasje foto marius 11
FLEIRE KOLLEGAER: Hovudtillitsvalt Edvard Lie såg lysare på framtida enn på lenge, då NETT NO møtte han i fjor haust. Foto: Marius Rosbach

Frå 2019 til 2020 auka driftsinntektene til Ekornes med 10 prosent, og Lunde seier selskapet ventar vekst også i år.

Når koronakrisa er over skal Ekornes stå sterkare i marknaden enn før krisa.

- Det har heile tida vore planen at vi skal kome styrka ut av dette, seier Lunde.

Oppskrifta er kjente modellar som gir forhandlarane god forteneste, eit kjent merkenamn og nye produkt.

Ingen flaskehals
Kombinasjonen av at Ekornes gjer store deler av møbelproduksjonen sjølv og at konsernet bygde seg opp nok lager av råvarer og komponentar har gjort at mangel på deler eller råvarer aldri har vore ein flaskehals i produksjonen under koronakrisa.

At selskapet har kunne produsere så mykje skuldast kunnskapen, tilspassingsevna og ståpå-viljen i organisasjone, ifølgje Lunde. Han rosar medarbeidarane sine, og insisterer på at rosen må med i artikkelen.

- Eg vil gjerne skryte av kulturen og og menneska, seier Lunde.

Podium

E5/S1 Håvard Sætre og Olav Holst-Dyrnes om Internasjonalt eigarskap

Publisert: 25.02.2021 16:00

Sist oppdatert: 25.02.2021 17:42

Mer om