Omsetninga i 2024 vart «all time high» for Simek i Stordal med inntekter på meir enn 13 millionar.
Bedrifta som sprang ut av Helland Møbler på 1990-talet, hadde opphavleg møbelindustrien som viktige kundar. Dei siste åra har Simek dreia verksemda fekk frå bransjen.
Resultatet for augneblinken er fulle ordrebøker og optimisme for framtida.
– Vi har veldig gode prognoser på alle baugar og kantar for 2025, seier Asle Olav Olsen til Nett No.
Nett No møter han ved ein julestille bedrift. Faktisk so stille at salssjefen og hovudeigaren er ein tur heimom då journalisten kjem ubedd på besøk.
I løpet av få minutt er han likevel på plass.

Lagar det meste i stål og metall
Det er ikkje gjort i ei handvending å fortelje alt Simek lagar – men kort sagt dreiar det seg om delar i stål og metall som kan nyttast på ein rekke ulike måtar.
Ei rundtur i produksjonen gir meir innblikk i verksemda.
Lette konstruksjonar i aluminium som kan nyttast til alt frå flyktningleirar, feltsjukehus og kontrollpostar, er mellom vekstområda. Sluttkundane er gjerne alt frå hjelpeorganisasjonar til forsvarsindustrien.
Sistnemnte utgjer ein aukande del av leveransane. I ein del av lokala som vi ikkje får ta bilde, står ei løysing for mobile dusjar og toalett.
– Vi har mellom anna levert til flyttbare hangarar til dei kanadiske F35-flya, fortel Olsen.

Framleis møbelproduksjon i «stolbygda»
Nett No har nyleg omtala korleis møbelindustrien i Stordal har gått frå å sysselsette kring 500 arbeidarar på høgda, til å omfatte kring 50 personar i ei handfull bedrifter.
I dag er det kun Stordal Møbler som produserer møbler i det som tidlegare blei kalla «stolbygda».
Sjølv om omfanget er blitt mindre, påpeikar Simek-eigaren at den lokale industrien framleis er levande.
– Vi har ein gjeng med flinke folk og ein rekke gode maskinar. Kva som kjem ut i «den andre enden» er heilt uinteressant, så lenge vi kan leve av det, legg han til.
Nisjemarknad på fotballmål og -banar
Fotballmål og små ballbingar er har vore andre vekstmarknader som er utvikla i løpet av dei siste 10-15-åra.
Då Nett No er på besøk har bedrifta sikra seg oppdraget med å lage nye 3-er-banar til unge fotballspelarar på både Nordmøre, Sunnmøre og Romsdal.
Ordrereserven berre på dette området summerer seg til kring fem millionar.
– Vi har arbeid i tre-fire månader framover. Det er fantastisk for oss, seier Olsen.
Vi har arbeid i tre-fire månader framover. Det er fantastisk for oss

Kan kutte både røyr og plater
I ein del av lokalet står ein diger maskin – ein fiberlaser som kan kutte både røyr og plater – og som skal vere den einaste i regionen som kan gjere nettopp det.
Det har vore ei stor investering som er gjort i løpet av dei siste åra, og vore avgjerande til å auke aktiviteten ettersom
– Det er fantastisk samanlikna med stansemaskinane vi jobba med tidlegare, fortel han.
Operatøren som handterer maskina til dagleg, kom til Norge som flyktning frå Ukraina.
Les også
Lagar delar til køyretøy for funksjonshindra
I ein anna del av lokale, skjer ei anna form for produksjon – av terrenggåande køyretøy for funksjonshindra.
Næringsteft-vinnaren Exotek starta å montere køyretøya i lokale av Simek, før dei flytta til Ålesund. Stordal-bedrifta har utvikla løysingar og produksjonsmetodar saman med oppstartsselskapet. Dei leverer framleis delar i stål og aluminium til køyretøya.
Asle Olav Olsen held opp ein metalldel.
– Om dette er eit beslag til eit møbel, eller del til ei kjerre, spelar ingen rolle for oss. Det er same material og teknologi – som vi har utvikla produksjonsmetodar for å lage, seier han.
Les også
Publisert: 03.01.2025 09:03
Sist oppdatert: 03.01.2025 12:12