Pir var denne veka åstaden for den årlege møteplassen Investormatch, der gründere, vekstselskap og investorar møtest.
Exotek var mellom selskapa som presenterte planar om vekst og innhenting av ny kapital for å finansiere dei.
Selskapet starta i 2023 sal av sine terrenggåande batteridrivne køyretøy for funksjonshindra.
Skal gjere seg klare for Amerika
No sikter dei mot utlandet og på kort sikt skal dei hente inn minst ti millionar kroner frå eksterne investorar.
– Vi skal auke organisasjonen og skalere opp produksjonen for å gjere oss klare for Amerika, som vi ser på som den største marknaden for oss i framtida, fortalde Eelco Van Weerdhuizen som er dagleg leiar i selskapet.
– Nesten 50 prosent av ordrane kjem no frå utlandet, og vi har fått gigantisk merksemd på sosiale media det siste året, la han til.
Det har gitt mange nye førespurnader. No har selskapet gjort avtale med forhandlarar i utlandet. Samtidig har dei ei lang liste med selskap som har teke kontakt og vil samarbeide.

Blei lam i sykkelulukke
Bakgrunnen for Exotek var ei sykkelulukke i 2025, som gjorde medgründar Sigurd Groven lam.
Ønsket om kunne halde fram eit aktivt liv utandørs og å kunne dra på tur i naturen saman med familien dreiv fram det som blei Exotek.
Groven og Weerdhuizen kjente kvarandre frå sykkelmiljøet, og nederlendaren blei overtydd om å forlate ein trygg jobb i olje- og gassindustrien for å bli med på gründerprosjektet.
Saman med resten av teamet har dei utvikla køyretøyet Exoquad og starta med å selje i Norge.

Mål om 10.000 sal årleg
Selskapet som vant Næringsteft-konkurransen med ideen i 2021, leigar produksjonslokale av Simek i Stordal. NAV er mellom dei som har vore gode kundar i starten, og til no har dei selt kring 115 køyretøy.
Målet er betydeleg høgare. Innan 2030 håpar dei å selje 10.000 køyretøy årleg.
– Vi har eit kompetent team, eit profesjonelt styre og eigarstruktur, som gjer at vi er klare til å ta det neste steget, fortalde Weerdhuizen under Investormatch.
Publisert: 19.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 18.10.2024 22:54