Anne Nyhaug er mellom dei som gir Stordal Møbel-sjef Ole Håvard Stavseng håp om ei framtid for møbelbransjen.
Den 24 år gamle kvinna frå Skodje har ikkje berre teke fagbrev i industrisaum. For nokre veker sidan avla ho også svenneprøva i industritapetseringfaget.
– Eg hadde aldri klart å sitte på eit kontor. Eg vil jobbe med henda og ha eit variert og fysisk arbeid. Det får eg gjere her, fortel Nyhaug til Nett No om kva ho likar med jobben.
Då eg fekk prøve dette her ordentleg, fann eg ut at det var skikkeleg moro,
Morfaren Karsten Dybvik eigde møbelfabrikk i Langevåg, men ho trur ikkje det eigentleg påverka valet hennar og at det var meir eit utslag av tilfeldigheiter.
Først starta ho på restaurant- og matfag, og ho jobba også ei periode i barnehage. Etter at ho kom inn på design- og handverksporet førte det til at ho kom til Stordal Møbel som 20-åring.
– Då eg fekk prøve dette her ordentleg, fann eg ut at det var skikkeleg moro, seier ho.

Ville lære meir om «alt det andre»
I showrommet til Stordal Møbel står stolen som vart resultatet av fagprøva i industritapetsering.
Den har Nyhaug laga i løpet av få dagar. Då fekk ho lære om heile produksjonslinja og prøve seg på alt frå produktutvikling og design, til å sy, montere og pakke.
– Etter at eg hadde teke fagbrevet i industrisaum, hadde eg også lyst til å lære meir om «alt det andre» rundt. Eg synes dette er veldig spennande og kjekt å jobbe med, fortel Nyhaug.

Meiner det er viktig med norsk produksjon
Med ei breiare utdanning opplever ho samtidig ei breiare forståing for heile produksjonen.
– Eg synest også det er viktig at det blir produsert ting her til lands, og ikkje berre i utlandet. Det er litt synd å tenke på at det har vore ein så stor industri her, og at det no er veldig få igjen, legg ho til.
Nyhaug fortel at ho ikkje har nokon plan for framtida, men kunne gjerne tenke seg å jobbe meir med design og produktutvikling i tillegg til å jobbe i produksjonen.
– Det verkar også spennande å jobbe med lærlingar og lære opp nye fok til å kome inn i industrien, seier ho.

Generasjonsskifte og investorjakt
I sitt 92. år står Stordal Møbel midt i ein kamp som eigentleg handlar om bedrifta skal halde fram å vere ein lokal møbelprodusent på Nordvestlandet i framtida.
Den siste møbelfabrikken i det som ein gong blei kalla stolbygda, har hatt eit par tøffe år bak seg. Ole Håvard Stavseng er dagleg leiar og hovudeigar i familiebedrifta med røter tilbake til 1932.
Som eit ledd i generasjonsskifte etter at faren, Gunnar Stavseng, døyde i fjor på denne tida, har bedrifta engasjert rådgjevar med mål om å få medinvestorar for betre å sikre ei ny framtid, fortel han.
– Det er eit løp som er pågåande og det er fleire interessentar, seier Stavseng.
Han meiner at arbeidet dei legg ned i dag, er viktig for om dei framleis vil vere ein lokal møbelprodusent på Sunnmøre om 20 år.
Gjer fleire grep
I dag har Stordal Møbel mykje av si omsetning frå store møbelkjeder.
Framover ønsker dei å kapre meir arbeid i utvalde nisjer i prosjektmarknaden, eller kontraktsmarknaden som det også er kalla.
– Vi siktar oss inn på spesialprosjekt, skreddarsaum, og strategisk samarbeid med nye partnerar, fortel Stavseng.
Endringa er del av ei større omstilling som bedrifta allereie er godt i gong med. Alle dei tilsette har teke del i arbeidet.
– Det vil gi oss fleire bein å stå på, vi får nytta meir av vår kjernekompetanse og det er samtidig meir lønnsame segment, fortel han.

Strategisk samarbeid med Helland
Stavseng kan også avsløre at at bedrifta har inngått ein strategisk samarbeidsavtale med Helland Møbler.
Gjennom den skal dei selje Stordal-møblar i helsesegmentet i kontraktsmarknaden.
– Det er også nye prosjekt på gong med større aktørar som blir offentleggjort på nyåret. Vi har også god dialog inn mot maritim bransje, legg Stavseng til.
Framover meiner Stordal Møbel-sjefen det er avgjerande for fleire møbelbedrifter i regionen at dei samarbeider meir der dei kan.
Trur bransjen kan bli meir aktuell
Stavseng er full av lovord over både dei tilsette og leverandørane deira som har vore med i det som har vore tunge tak dei siste par åra.
Medarbeidarar med faglege kvalifikasjonar som Anna Nyhaug gir også bedrifta fleire moglegheiter.
– Ho kan både tapetsering og saum. Det gir oss ein fleksibilitet som også gjer oss meir omstillingsdyktige, seier Stavseng.
Stavseng har vore engasjert i styret i bransjeforeningen Norsk Industri Designindustrien, der dei jobba mot fylke og skule for å finne ut korleis dei kunne auke rekrutteringa til bransjen.
For nokre år sidan blei merksemda dreia mot designdelen av bransjen for å skape meir interesse.
I dag trur Stavseng opplevinga av møblar og innreiing som noko taktilt, som ein kan ta og kjenne på, kan gjere bransjen meir aktuell.
– I dag er «alt» blitt digitalt som blir ei form for distansering. Dei som veks opp i dag manglar jordinga til handverket, legg han til.
Gir ansvar og sjansen til utvikling
Stordal Møbler-sjefen legg ikkje skjul på at det er utfordrande å trekke til seg unge i ein arbeidsmarknad som er svært stram.
– Det gjeld også totalpakka for kva vi kan tilby, seier han.
Stavseng trur til eksempel det kan vere viktig for motivasjonen å gi unge medarbeidarar ansvar, som igjen gir gode moglegheiter til å utvikle seg vidare.
– Eg trur det er viktig å kjenne at ein blir satsa på, legg han til.
Publisert: 20.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 19.12.2024 22:48