Larsnes Mek Verksted 2023 foto Larsnes Mek Verksted
UTVIDAR KAPASITETEN: Tørrdokka i den nye hallen til Larsnes Mek Verkstred er 126 meter lang og 24 meter brei.
Nytt

Full sysselsetting ut 2024

Larsnes Mek Verksted løfta lønsemda i 2020 og fekk i fjor sitt tredje gode år på rad.

11.08.2023

Driftsinntektene blei rekordhøge og den relative lønsemda blei omlag på nivå med 2020 og 2021 (sjå tabell) for Larsnes Mek. Verksted i fjor.

Skipsverftet har full sysselsetting ut 2024, skriv selskapet i årsmeldinga for 2022.

Selskapet sysselsette 69 årsverk i fjor og hadde ei gjennomsnitt 120 tilsette frå andre selskap i arbeid på verftet.

I løpet av september ventar verftet at tørrdokka i hallen er klar til bruk, seier dagleg leiar og medeigar Jarle Mindor Gunnarstein. Den vil utvide kapasiteten til å ta mot større fartøy enn i dag.

Fire fartøy i ordre
- Vi har hatt nokre større ombyggingar, seier Gunnarsstein om 2022. Framover har verftet fire fartøy under bygging eller i ordre. To skal leverast i år og to neste år.

Gunnarstein seier verftet reknar på fleire prosjekt der skipskonsulentar har teke kontakt om mogleg bygging av fiskefartøy for utanlandske fiskebåtreiarar. Den svake norske krona har gjort norske verft meir konkurransedyktige samanlikna med verft i utlandet.

Brønnbåtreiarlag størst
Verftet auka lønnsemda betydeleg allereie i 2020, og følgde opp i 2021 med nok eit rekordresultat på nær 40 millionar før skatt. Lønsemda er betydeleg betre enn den har vore tidlegare for verftet.

Rofisk, selskapet som eig brønnbåtreiarlaget Rostein, eig 69,4 prosent av aksjane i Larsnes Mek. Verksted, og dei siste åra har brønnbåter vore ein viktig marknad for verftet, som saman med Aas Mek. Verksted har vore størst på bygging av brønnbåtar for oppdrettsnæringa.

Etter innføringa av såkalla grunnrenteskatt på oppdrettsselskapa stagnerte brønnbåtmarknade, ifølgje Gunnarstein.

Larsnes Mek. Verksted as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt772,3607,2
Driftsresultat49,838,8
Resultat før skatt45,139,3

Publisert: 11.08.2023 11:11

Sist oppdatert: 11.08.2023 11:13

Mer om