Gjennombrot for plastopprydding med Mørenot-løysing
Ved hjelp av Mørenot-utstyr kan Great Pasific Garbage Patch, verdas største oppsamling av plast, endeleg verte rydda.
Den nederlandske ideelle organisasjonen Ocean Cleanup skriv på Facebook at no fungerer systemet, og ein er klar til å fjerne plasten som er samla i dette området i Stillehavet.
Sjå video (ekstern lenke)
"BREAKING: the final test of System 002 is completed, and we have another big catch on deck. The Great Pacific Garbage Patch can now be cleaned.", skriv organisasjonen på Facebook.
- Vår stoltheit
Samstundes publiserer organisasjonen bilete med store mengder plast om bord i eitt av dei to forsyningsskipa frå danske Maersk, som deltar i operasjonen, ein operasjon som vert karakterisert som verdast største ryddeaksjon i havet.
Organisasjonen har i fleire år testa ulike oppryddingssystem, men systemet som no vert brukt – System 002 – er utvikla av Mørenot.
- Dette er vår stoltheit, sa konsernsjef Arne Birkeland i Mørenot under eit møte i Shippingklubben Ålesund sist veke.
Ny verd med nye mulegheiter
Mørenot har levert analyser av det nye oppryddingssystemet, instrumentering, dokumentasjon av dei fysiske delane, produksjon av dei ulike delane, inkludert vingemodular for dei 2 x 400 meter lange vingeseksjonane og oppsamlingspose.
- Sju av våre lokasjonar har vore involverte i å produsere utstyr.
- For oss er dette er ny verd, som gir nye mulegheiter. Når vi tenker visjon og framtid, tenker vi likt som Ocean Cleanup, sa Birkeland.
80.000 tonn plast
Målet til den nederlandske organisasjonen er å rydde opp 90 prosent av verdas flytande havplast innan 2040.
Organisasjonen har starta med The Great Pasific Garbage Patch, eit område i Stillehavet der forskarar meiner at det finst rundt 80.000 tonn plast, fordelt på eit område som er meir enn fire gongar stort som Norge. Mykje av plasten kjem frå dei store elvesystema i verda.
Grunnleggjaren av organisasjonen er Boyan Slat. Han har fått med seg ei rekkje støttespelarar og ei rekkje store sponsorar.
Om systemet fungerer, som det no ser ut til å gjere, er målet å ha 60 tilsvarande system i drift innan to år.
Dette er vår stoltheit
Verdas største
Det er fem slike store søppelfelt i verdshava. The Great Pasific Garbage Patch vert rekna som det største, og ligg rundt midtvegs mellom Hawaii og California.
The Ocean Cleanup skriv på Facebook at mesteparten av plasten ligg frå null til fem meters djupne, men at ein del vert brote opp og sekk til botnen som små plastpartiklar.
Under operasjonen vert plastoppsamlingssystemet taua i rundt to knops fart. Der finst opningar i systemet som hindrar at fisk og sjøpattedyr vert fanga.
Publisert: 10.10.2021 07:10
Sist oppdatert: 10.10.2021 10:06