Mørnot plastoppsamlingutstyrt Foto Tony Hall Mørenot NTB
PLASTFANGST: The Ocean Cleanup ønskjer å samle opp 90 prosent av plasten som flyt rundt i verdshava og har derfor jobba med ein plastoppsamlar som skal køyre døgnet rundt heile året i verdshava for å samle opp plast. Foto: Tony Hall / Mørenot / NTB / NPK
Nytt

Mørenot-utstyr skal rense hava for plast

Med ein ny prototyp på ein plastoppsamlar skal The Ocean Cleanup fjerne nær all plast i hava. Mørenot er sterkt involvert.

14.07.2021

NPK-NTB – Fredrik Moen Gabrielsen: – Vi er verkeleg stolte av å vere med på dette. På ein skala frå éin til ti så er vi på tolv, seier Mørenot-sjef Arne Birkeland til NTB.

Selskapet The Ocean Cleanup vart stifta i 2012 av den nederlandske gründeren Boyan Slat. Målet er å samle opp 90 prosent av den flytande plasten i verdshava.

Den første versjonen av plastoppsamlaren fungerte likevel ikkje etter formålet, og måndag lanserer det internasjonale selskapet ein ny prototyp. Her er det norske selskapet Mørenot tungt involvert i utviklinga.

Enkelt forklart skjer oppsamlinga ved at to automatiserte båtar køyrer parallelt rundt i havet med eit stort nett mellom seg. Den store nettposen samlar opp plasten, og desse posane blir jamleg bytte ut.

Prototypen skal segle rundt heile døgnet gjennom heile året. I slutten av juli vil han bli sett ut i Stillehavet for å starte arbeidet.

Skal unngå å fange fisk
Mørenot har laga netta og dessutan elektronikken som er inni. Selskapet har òg stått for design og testing, i tillegg til produksjon av utstyret.

Det over hundre år gamle norske selskapet er til vanleg ein global leverandør til fiskeri, oppdrett og seismikkindustrien.

Medan selskapet har bidrege til å samle opp fisk i årevis, er det no altså plast som skal samlast opp – og det utan at det hamnar fisk eller andre dyr i nettet.

– Ein har sett på åtferdsmønster, analysert dette og utvikla rømmingsopningar. Det er i tillegg sett inn akustiske skremmesignal og skremmelys for å sikre at det ikkje blir fanga opp dyr og fisk. Det er òg kameraovervaking, seier Birkeland.

– Så finst det òg ei nødutløysing frå fartøya dersom ein er i ferd med å gå inn i ein situasjon som kan skape ein dyretragedie, seier han.

Tek på seg sin del av ansvaret
Kvart einaste år hamnar så mykje som 8 til 12 millionar tonn plast i havet, ifølgje Verdsnaturfondet (WWF). Det svarer til om lag 15 lastebillass i minuttet.

Birkeland erkjenner at fiskeindustrien og utstyrsleverandørar som dei sjølve må ta sin del av ansvaret for delar av forsøplinga.

– Vi er nøydde til å ta innover oss at vi, som utstyrsleverandør i ein industri i eit hundreårsperspektiv, har hatt ekstremt søkjelys på effektivitet og ikkje berekraft, seier han og peikar på problemstillingar med plastavfall som hamnar i havet, og utstyr som forsvinn eller slit seg laus.

– Vi deler på ansvaret for situasjonen slik han har vorte, men vi er definitivt òg ein del av løysinga, seier Birkeland.

Publisert: 14.07.2021 11:17

Sist oppdatert: 14.07.2021 11:23

Mer om