Arne Birkeland Mørenut ute
ÅLESUND: Mørenot har hovedkontor på Moa, og skal vekse vidare. Konsernsjef Arne Birkeland og eigarane har endra strategien til å ha stor fokus på berekraft. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Skal vekse fram til nytt sal

Mørenot-konsernet tapte pengar i fjor, men eigarane held fram med vekststrategien fram mot nytt sal.

06.10.2021

- Det er hardt og brutalt, men PE-selskap (private equity, red merk) skil seg ikkje mykje frå andre interesserte eigarar.

Det sa konsernsjef Arne Birkeland under eit møte i Ålesund shippingklubb tysdag.

Eigarane er det Oslo-baserte investeringsfondet FSN Capital, som i mars 2018 overtok aksjemajoriteten i det familieeigde Mørenot-konsernet, truleg for rundt 900 millionar kroner. FSN Capital eig no 80 prosent av aksjane i konsernet.

Tapte på selskapssal
Samstundes vart det lagt ein ambisiøs vekststrategi, både gjennom oppkjøp og organisk vekst.

No er årsrekneskapet for morselskapet Holding Cage I klart. Det viser at resultatet i 2020 vart betydeleg påvirka av kostnader til strukturering, i tillegg til avskrivingar.

Selskapet hadde også eit tap på sal av Mørenot Robotics.

- Vi prøvde verkeleg, men fekk det ikkje til, sa Birkeland.

Omsetninga for konsernet gjekk derimot opp med 108 millionar kroner, til vel 1,2 milliardar.

(saka held fram etter tabellen)

Holding Cage I
Årsresultat (konsern) 2020 2019
Driftsinntekter 1260,1 1152,8
Driftsresultat -23,4 -30,8
Resultat før skatt -92,9 -65,9

Størst på oppdrett
Mørenot-konsernet har dotterselskap i land som Korea, Kina, Canada, Skotland, Spania, Island, Lithauen, USA, Danmark og Polen.

Selskapet hadde ved årsskiftet 758 årsverk, og ein skal vekse vidare.

- PE-selskap har normalt ein plan om å kjøpe opp selskap, snu det, få det meir lønsamt og større, og deretter selje, sa Birkeland.

Etter at Mørenot vart bygt opp rundt fiskeri, kjem det mest inntekter frå oppdrett.

I 2020 vart det omsett for 749,3 millionar innanfor forretningsområdet akvakultur, medan fiskeri utgjorde 451,7 millionar.

Meir teknologi
Birkeland viste til at eigarane hadde sett at det foregår ei sterk konsolidering innanfor fiskeri og akvakultur.

- Samstundes såg eigarane at teknologien fekk større innpass, inkludert overflytting av massiv kompetanse frå olje og gass inn i oppdrett.

- Ei not er ikkje lenger berre ei not, ein trål er ikkje berre ein trål.

Over 600 millionar kroner av salet i fjor skjedde til norske kundar, og berre vel 150 millionar til kundar utanfor Europa.

Berekraft-fokus
Selskapet satsar blant anna no stort på produksjon i Lithauen, der det er nær 100 tilsette som produserer utstyr som trålposar og tråldører.

Birkeland trur på fleire oppkjøp og nyetableringar, men seier at ein sentral del av strategien er å satse på berekraftige løysingar.

- Vi har endra visjonen. I staden for å tenke effektivitet, har vi no fokus på at havet skal vere ei proteinkjelde for verdas befolkning.

- Vi skal difor jobbe med løysingar som er berekraftige.

Birkeland sa at kundane er ekstremt opptatt av berekraft, og det same er investorane.

- Når andre aktørar ønsker å kjøpe Mørekraft om nokre år er det også fordi vi er gode på berekraft.

Ei not er ikkje lenger berre ei not, ein trål er ikkje berre ein trål
Arne Birkeland

Dansk utfordring
Konsernet har gjennomført ei rekke tiltak for å samordne drifta.

- Vi hadde blant anna sju-åtte servicestasjonar langs kysten, der alle tenkte ulikt. No samhandlar vi, utnyttar kapasitet på tvers og deler 'best practise'.

I alle oppkjøp har vore like vellukka. Birkeland sa at oppkjøpet danske Hvalpsund Fishing Equipment var ei tøff utfordring.

- Men dette skal vi lukkast med, slik at vi kan utfordre dei store aktørane i marknaden ved å vere ein komplett leverandør av ringar, fortøyingar og nøter.

Publisert: 06.10.2021 14:01

Sist oppdatert: 06.10.2021 22:23

Mer om