Nytt
Vil hente 141 millionar i helga
Hofseth Biocare med emisjon.
Marius Rosbach
01.07.2022
Kort tid etter stengetid for børsen kom meldinga frå Hofseth Biocare om ein emisjon.
Selskapet håpar å få inn 141 millionar kroner i ny eigenkapital til en kurs på fire kroner per aksje. Aksjen enda fredag på 3,73 kroner, etter eit fall på 1,84 prosent i løpet av dagen.
Les også
Fristen for å kome i mål er sett til før børsen opnar måndag morgon.
Storeigar
og administrerande direktør Roger Hofseth har gjennom selskapet, RH
Industri As, saman med aksjonærane i Aqua-Spark og Bonafide forplikta
seg til å stille med opptil 129 millionar i emisjonen.
Det er ikkje planlagd reparasjonsemisjon i etterkant for aksjonærer som ikkje deltek.
Publisert: 01.07.2022 17:03
Sist oppdatert: 01.07.2022 23:34