Næringslivet og Møre og Romsdal fylkeskommune skal saman finne ut korleis næringslivet i fylket kan sikrast ei best mogleg framtid.
Fredag kom fylkesordførar Per Vidar Kjølmoen (Ap) til Ulstein Group saman med Marit Nerås Krogsæter (Sp) som leiar kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal.
Saman med konsernsjef Gunvor Ulstein i skipsbyggjarkonsernet, lanserte dei eit langsiktig omstillingsprosjekt.
- Det er utruleg viktig å ha ei komplett maritim klynge når vi går vidare, sa konsernsjefen.
Ho viste til at Nordvestlandet har moglegheit til å vere i førarsetet når det kjem til ei rekke endringar som kjem til å kome.
Ulstein tok eit sveip gjennom historia, og viste korleis tidlegare generasjonar har bygd stein på stein og skapt store verdiar.
- Eg meiner det er viktig å vise kva denne næringa har skapt av inntekter for samfunnet opp gjennom åra, sa ho og meinte regionen hadde all grunn til å gå med fana høgt heva.
- Det overordna spørsmålet for oss, er kva vi skal leve av i 2050, innleia Per Vidar Kjølmoen då han tok i mot pressa i Ulsteinvik fredag.
– Det er store endringar på gang i verda, og det er viktig at vi i Møre og Romsdal står saman for å ruste oss for dei endringane som vil kome, opplyste Kjølmoen til NETT NO om arbeidet.
Han viste til at fylkeskommunen allereie har teke grep for å hjelpe næringslivet lokalt, mellom anna med ei tiltakspakke på 178 millionar kroner.
- Vi har samtidig kome til at vi må tenke meir langsiktig, la han til.
Kjølmoen viste til at endringane, utgjer ein trussel for næringslivet, men også moglegheiter.
- Vi presenterer ikkje eit ferdig program her i dag, men vi skal hente innspel frå næringa og kome tilbake med kva for tiltak som vi ønskjer å gå for, sa Kjølmoen.
- For at vi skal ha eit internasjonalt næringsliv, så trur eg vi treng vi ein innovativ offentleg sektor, og motsett, sa ho.
Krogsæter viste til at berekraft er heilt sentralt i den omstillinga det er behov for.
- Vi meiner ein må bruke ein del av oljefondet no for å skape aktivitet, påpeika ho.
Målt etter verdi per sysselsett kom Møre og Romsdal på topp i eksport – om ein held oljenæringa utanfor – ifølgje ei undersøking frå Menon Economics i fjor. Same undersøking viste at 46.000 arbeidstakarar, kring halvparten i alle bedriftene i fylket, jobbar direkte eller indirekte med eksport.
Uroa er spesielt stor for den langvarige effekten av koronapandemien – og lågare oljepris – vil få for den maritime klynga på Nordvestlandet. Ei fersk undersøking viser at ein risikerer at innan kort tid, om ikkje det ikkje kjem fleire krisetiltak.
– Situasjonen er noko forskjellig frå bransje til bransje. Men det er særleg innafor maritim næring a bedriftene meiner dei har eit stort behov for omstilling til nye marknader, samtidig som det er her dei statlege tiltakspakkane ser ut til å ha treft dårlegast, heiter det i situasjonsbeskrivinga.
Det blir mellom anna vist til at eit delprosjekt for grøn skipsfart kan legge til rette for vidareutvikling av ulike type fartøy og posisjonere regionen mot sentrale styresmakter.
Fylkeskommunedirektøren bad i saka om at ei styringsgruppe blei sett saman, med folk både frå fylkeskommunen, næringslivet, akademia, NHO og LO.
Fredag kom fylkesordførar Per Vidar Kjølmoen (Ap) til Ulstein Group saman med Marit Nerås Krogsæter (Sp) som leiar kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal.
Saman med konsernsjef Gunvor Ulstein i skipsbyggjarkonsernet, lanserte dei eit langsiktig omstillingsprosjekt.
- Det er utruleg viktig å ha ei komplett maritim klynge når vi går vidare, sa konsernsjefen.
Ho viste til at Nordvestlandet har moglegheit til å vere i førarsetet når det kjem til ei rekke endringar som kjem til å kome.
Ulstein tok eit sveip gjennom historia, og viste korleis tidlegare generasjonar har bygd stein på stein og skapt store verdiar.
- Eg meiner det er viktig å vise kva denne næringa har skapt av inntekter for samfunnet opp gjennom åra, sa ho og meinte regionen hadde all grunn til å gå med fana høgt heva.
Har løyvd to millionar til arbeidet
Fylkespolitikarane har løyvd to millionar kroner til arbeidet som skal gå over fleire år.- Det overordna spørsmålet for oss, er kva vi skal leve av i 2050, innleia Per Vidar Kjølmoen då han tok i mot pressa i Ulsteinvik fredag.
– Det er store endringar på gang i verda, og det er viktig at vi i Møre og Romsdal står saman for å ruste oss for dei endringane som vil kome, opplyste Kjølmoen til NETT NO om arbeidet.
Han viste til at fylkeskommunen allereie har teke grep for å hjelpe næringslivet lokalt, mellom anna med ei tiltakspakke på 178 millionar kroner.
- Vi har samtidig kome til at vi må tenke meir langsiktig, la han til.
Kjølmoen viste til at endringane, utgjer ein trussel for næringslivet, men også moglegheiter.
- Vi presenterer ikkje eit ferdig program her i dag, men vi skal hente innspel frå næringa og kome tilbake med kva for tiltak som vi ønskjer å gå for, sa Kjølmoen.
- Må bruke ein del av oljefondet
Marit Nerås Krogsæter leiar det politiske utvalet som jobbar mest med næringsliv i fylkeskommunen. Ho viste til at dette arbeidet ikkje skjer uavhengig av bedriftene i fylket, og at politikarane er avhengige av å samarbeide.- For at vi skal ha eit internasjonalt næringsliv, så trur eg vi treng vi ein innovativ offentleg sektor, og motsett, sa ho.
Krogsæter viste til at berekraft er heilt sentralt i den omstillinga det er behov for.
- Vi meiner ein må bruke ein del av oljefondet no for å skape aktivitet, påpeika ho.
Uro for eksportretta næringsliv
Bakgrunnen for at prosjektet kom på plass, er uro for framtida, ikkje minst for dei eksportretta næringane i Møre og Romsdal. Undersøkingar har i fleire år vist at fylket er mellom dei mest eksportretta i landet.Målt etter verdi per sysselsett kom Møre og Romsdal på topp i eksport – om ein held oljenæringa utanfor – ifølgje ei undersøking frå Menon Economics i fjor. Same undersøking viste at 46.000 arbeidstakarar, kring halvparten i alle bedriftene i fylket, jobbar direkte eller indirekte med eksport.
Uroa er spesielt stor for den langvarige effekten av koronapandemien – og lågare oljepris – vil få for den maritime klynga på Nordvestlandet. Ei fersk undersøking viser at ein risikerer at innan kort tid, om ikkje det ikkje kjem fleire krisetiltak.
Les også:
Vil påverke nasjonal politikk
I ei frå fylkeskommunedirektøren i sommar, går det fram at han meiner hovudmålet med prosjektet mellom bør vere å påverke nasjonal politikk og bidra til omstillingstakta i næringslivet.– Situasjonen er noko forskjellig frå bransje til bransje. Men det er særleg innafor maritim næring a bedriftene meiner dei har eit stort behov for omstilling til nye marknader, samtidig som det er her dei statlege tiltakspakkane ser ut til å ha treft dårlegast, heiter det i situasjonsbeskrivinga.
Det blir mellom anna vist til at eit delprosjekt for grøn skipsfart kan legge til rette for vidareutvikling av ulike type fartøy og posisjonere regionen mot sentrale styresmakter.
Fylkeskommunedirektøren bad i saka om at ei styringsgruppe blei sett saman, med folk både frå fylkeskommunen, næringslivet, akademia, NHO og LO.
Les også:
Analyse:
Det overordna spørsmålet for oss, er kva vi skal leve av i 2050
Publisert: 04.09.2020 10:43
Sist oppdatert: 07.04.2021 15:49