Golden energy per ivar fagervoll psv duchess 11
ÅLESUND: Tungt første halvår for Per Ivar Fagervoll og Golden Energy Offshore Services, sjølv om PSV-en Energy Duchess no er tilbake i arbeid. Foto: Golden Energy
Nytt

Må ha hjelp av kreditorane

Det Ålesund-baserte offshoreselskapet slit med gjelda, og må ha hjelp med kreditorane.

01.10.2021

Golden Energy Offshore Services har dei fire PSV-ane Energy Scout, Energy Swan, Energy Empress og Energy Duchess. I første halvår i år var tre av skipa stort sett i opplag, noko som gjorde at det vart magert med inntekter.

Dette går fram av halvårsrekneskapen, der flåten segla inn 23,5 millionar kroner, og resultatet før skatt vart minus 22,1 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Golden Energy Offshore Services
Resultat 1. halvår (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 23,5 38,3
Driftsresultat -21 -25
Resultat før skatt -22,1 -64,1

Vil selje skip
No treng selskapet hjelp med kreditorane for å styrke seg finansielt. I ei børsmelding vert det opplyst at ein er i dialog med kreditorane, der ein forventar å få til ein avtale der deler av kortsiktig gjeld vert konvertert til langsiktig sikra gjeld. Den kortsiktige gjelda er på 363 millionar kroner.

I tillegg er PSV-skipet Energy Scout til sals, eit skip selskapet overtok i mai 2014. Men sjølv om selskapet har fått bod på skipet, vert det sagt at det er forhold utanfor bodgivar sin kontroll som gjer at det kanskje likevel ikkje vert noko av salet. Dermed kan ei løysing vere å drive skipet vidare.

Styret skriv at første halvår vart ekstremt krevjande, men at det vart betring i slutten av halvåret.

Tre av fire skip er no tilbake i arbeid, og Energy Swan har fått langtidskontrakt til 1. november 2022.

Lav børsverdi
Golden Energy Offshore Services har 482 aksjonærar.

Selskapet er no prisa til 40 millionar kroner på Oslo Børs.

Kursen har siste månaden stige med 14,3 prosent etter at det vart kjend at selskapet har fått fleire nye kontraktar.

På årsbasis er derimot kursen ned 12,5 prosent.

Publisert: 01.10.2021 10:16

Sist oppdatert: 01.10.2021 10:44

Mer om