Vartdalgruppa montasje asle rønning foto kjetil måsøval 11
FLEIRE TILSETTE: Asle Rønning er styreleiar i Western Products og konsernsjef i Måsøval, som i fjor kjøpte opp Ørsta-selskapet Vartdalsgruppa. No blir det auka drift på anlegget på Vartdal. Foto: Måsøval/Kjetil Haanes
Nytt

No blir det heilårsdrift på Vartdal

Ørsta-slakteri sikra meir arbeid etter konkurs på Stadlandet. Kan doble arbeidsstokken.

Marius Rosbach
06.07.2022

Tysdag kom nyheita om at Western Seaproduct As på Vartdal skal slakte fisk på oppdrag frå Statt Torsk dei neste tre åra.

Torskeoppdrettarane fekk ei utfordring etter at den førre samarbeidspartnaren Per Stave på Stadlandet gjekk konkurs, og måtte finne ein ny plass å slakte fisken.

Løysinga blei ein avtale med Western Seaproduct As på Vartdal om slakting av oppptil 3500 tonn torsk årleg.

– Med Statt Torsk får vi ei kjempeløysing som vil gi vesentleg meir drift på Vartdal. No satsar vi på å halde hjula i gong kvar veke heile året, fortel Asle Rønning, som er styreleiar i Western Products og konsernsjef i Måsøval, til NETT NO.

Kan bli dobling av staben
Rønning fortel at Statt Torsk-avtalen gjer at dei no treng fleire tilsette på anlegget. Tidlegare har det vore drift i kring 20 veker årleg med mange deltidstilsette, i tillegg til nokre faste.

– Då er det er krevjande å halde på mannskapene. No legg vi opp til ein driftsmodell for heile året. Vi vil tilsette nye og oppgradere anlegget, fortel han.

I dag er det 7-9 årsverk sysselsett på slakteriet. Rønning anslår at dei vil tilsette 6-10 årsverk framover.

No legg vi opp til ein driftsmodell for heile året. Vi vil tilsette nye og oppgradere anlegget
Asle Rønning

Kjøpt opp i fjor
Western Seaproduct vart kjøpt opp av det trønderbaserte Måsøval-konsernet i fjor, saman med resten av Vartdalsgruppen som Ottar Vartdal hadde bygd opp.

Oppkjøpet, der oppdrettsverksemda til Vartdalgruppen utgjorde hovudverdien, kosta konsernet drygt 1,5 milliardar kroner.

Måsøval har hovudkontor på Frøya og driv med oppdrett i fleire kommunar i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Publisert: 06.07.2022 10:47

Sist oppdatert: 06.07.2022 14:09

Mer om