Får fire gangar større kapasitet
Datasenter byggjer ut for kraftig vekst.
Det siste året har mellom 60 og 90 personar vore i arbeid med å utvide Lefdal Mine Datacenter. Om få månadar er utvida straumforsyning på plass for datalagringsenteret i den tidlegare olivingruva i Lefdal i Nordfjord.
Då går forsyningskapasiteten opp frå 20 til 80 MW, og leidningsnettet er rusta til å forsyne datalagringssenteret med enda meir om etterspørselen aukar.
Dagleg leiar Jørn Skaane seier han reknar med det vil ta 6-7 år før datalagringssenteret har blitt så stort at 80 MW-kapasiteten er fullt utnytta.
Store investeringar
Då eit fond forvalta at det amerikanske investeringsselskapet Columbia Threadneedle Investments blei ny storaksjonær i Lefdal Mine Datecenter i 2020 sa Skaane at det skulle investerast 200 millionar kroner i datalageringsenteret i løpet av 2021 og 2022.
Det ber reknskapen preg av (sjå tabell).
- Vi er i ein byggefase no. Det tek litt tid før inntektene kjem opp og skaleringa slår inn, seier Skaane.
Selskapet Lefdal Mine Datacenter har 20 tilsette. I tillegg har 40-70 personer vore i arbeid med å utvide anlegget i gruva det siste året.
Store datamaskiner er plassert i gruvegangane. Dei skal motererast og infrastruktur som straumtilknytning og kjøleanleggtilknytning skal på plass.
Lokale eigarar
Dei store investeringane som skal gjerast for å utvide datalagringsenteret var ei av årsakene til at dei lokale grunnleggarane av Lefdal Mine Datacenter valde å selje seg ut.
Blant dei var Sogn og Fjordane Energi, Coast Seafood, og selkap med Gunnar Carlson, Svein og Kristian Skibenes, Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Furnes og Vidar Saltkjel som medeigarar.
Lefdal Mine Datacenter as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 53,3 | 31,4 |
Driftsresultat | -32,0 | -13,0 |
Resultat før skatt | -56,9 | -23,7 |
Publisert: 14.06.2022 05:00
Sist oppdatert: 14.06.2022 16:19