Lefdal Mine Datacenter
BLIR STØRRE: Straumtilførselskapasiteten skal aukast og fleire dataserverer skal inn. Det utløyser tresifra millioninvesteringar i Lefdal Mine Datacenter. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tunge investeringar i datalagringsenter

Datalagringselskapet Lefdal Mine Datacenter skal investere 200 millionar kroner i løpet av 2021 og 2022.

21.07.2021

Datalagringssenteret i den nedlagde olivingruva i Lefdal i Nordfjord skal både utvide straumforsyningskapasiteten og utruste gruva for å få plass til fleire dataserverar.

I løpet av året og neste år det snakk om investeringar på 200 millionar kroner, ifølgje dagleg leiar Jørn Skaane.

Selskapet arbeider og med planar for korleis overskotsvarmen frå senteret kan utnyttast, men Skaane vil førebels ikkje vere meir konkret om kva dei planane går ut på.

Selde seg ut
Dei store investeringsplanane - og kapitalbehovet - for å finansiere vekst for datalagringssenteret var ein av grunnane til at investorane og grunnleggarane i Måløy-miljøet og andre eigarar i Nordfjord valde å selge seg ut av datalagringselskapet i fjor.

I sommar offentleggjorde selskapet kontrakt med ein ny kunde, det tyske datalagring- og -serviceselskapet Go2cloud og varsla samstundes at det var sannsynleg med nye store kontraktar innan eitt år.

Avtalen omlag doblar straumbehovet og behovet for datalagringskapasitet i datasenteret.

Les også

Redusert kraftbehov
I fjor fall inntektene til Lefdal Mine Datacenter med over 25 millionar kroner (sjå tabell).

Det skuldast ikkje at kundane svikta, men etterspørsel etter straum og straumprisen.

Inntektene til selskapet er todelt, leigeinntekter knytt til arealet og inntekter frå straumsalet. Det var inntektene frå straumsalet som fall i fjor.

I fjor skifta fleire store kundar ut maskinene sine til større maskiner, og brukte ikkje straum når utskiftinga vart gjort. I tillegg var straumprisen rekordlåg.

Lefdal Mine Datacenter as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt31,457,5
Driftsresultat-13,0-5,5

Resultat før skatt

-23,7-13,4

Publisert: 21.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 12.06.2022 13:55

Mer om