Jan Emblemsvag Hans Petter Hildre Nuproship II 2025 foto Ogne
ATOMKJERNEKARAR: Professorane Jan Emblemsvåg og Hans Petter Hildre ved NTNU Ålesund er høvesvis prosjektleiar og prosjekteigar for Nuproship, som forskar på bruk av kjernekraft på skip. No har dei fått ja til søknaden om å etablere eit Senter for forskningsdriven innovasjon , som sikrar finansiering åtte år framover.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Får inntil 96 millionar frå Forskningsrådet

Jan Emblemsvåg skal leie senter for kjernekraftsatsing i skipsfarten.

15.12.2025

Forskningsrådet har gitt satsinga på kjernekraft som energikjelde i skipsfart status som senter for forskningsdriven innovasjon (SFI). Det er ei satsing NTNU i Ålesund har stått i spissen for og NTNU-professor Jan Emblemsvåg i Ålesund har fått jobben med å leie det nye senteret, som har fått den engelske tittelen SFI Sustainable Applied and Industrialized Nuclear Technology (forkorta til SFI SAINT).

SFI-statusen betyr inntil 96 millionar kroner i finansiering fordelt over åtte år. Vikåret for støtte at mellom anna at samarbeidspartnarane må stille opp med like mykje, slik at de i alt kan bli ei satsing på 192 millionar kroner.

Søkte om senterstatus
Professorane Jan Emblemsvåg og Hans Petter Hildre ved NTNU Ålesund har arbeidd med kjernekraft som energikjelde i i fleire år og er høvesvis  prosjektleiar og prosjekteigar for Nuproship-progammet. I første del av programmet var hovedmålet å finne moglege kjernekraftreaktorar som passer i skip. 

I andre del av programmet - som blir avlsutt i år - er hovedmålet å kartlegge krav til skipsdesign, mannskap, vedlikehold, fjernstyring og laste- og losseoperasjoner. 

Neste steg var å få innvilga søknaden om å få status som Senter og forskingsdriven innovasjon. Det har dei no greidd og dermed sikra finansiering til vidare arbeid i åtte år framover. 

Kjernekraft-skip i 2032
Militære skip og isbrytarar har gått på kjernekraft lenge. Det Emblemsvåg og Hildre arbeider med er løysingar som kan gjere kjernekraft til eit kommersielt og sikkert alternativ i sivil skipsfart, mellom anna ved bruk av mindre og enkle reaktortypar. 

Tidlegare i år sa Hildre at han trur at det første skipet med kjernekraft ombord vil bli levert frå eit verft på Nordvestlandet i 2032. Spådommen frå scena på eit rekrutteringsarrangement for 150 maritime NTNU-studentar frå Ålesund og Trondheim i Fosnavåg i mars i år.

– Viss vi får til det vi no snakkar om, vil dette presse ut fossilt fuel fordi det er billegare og betre, sa Jan Emblemsvåg til Nett No i april i år.

Fleire partnarar
I både første og andre del av Nuproship-prosjektet har NTNY Ålesund hatt fleire samarbeidspartnarar.

I tillegg til NTNU var DNV, Vard,  Sjøfartsdirektoratet, reiarlaget Knutsen OAS og det spanske kjernekraftkonsulentselskapet Idom, med på første del av programmet. I Nuproship II er blant andre også Island Offshore og Lerøy Havfisk med som partnarar.

Publisert: 15.12.2025 13:13

Sist oppdatert: 15.12.2025 16:54

Mer om