Lossy page1 725px The nuclear ship Savannah passing under the Golden Gate Bridge in San Francisco California on its way to the NARA 542141 tif 1 jpg innfelt Hans Petter Hildre NTNU foto Ogne
COMEBACK FOR KJERNEKRAFT: Det amerikanske laste- og passasjerskipet Savannah er eitt av få sivile skip som har gått på kjernekraft. Skipet var i trafikk i åra 1962-1972. NTNU-professor Hans Petter Hildre (innfelt) trur det blir bygd skip på Nordvestlandet med kjernekraft som energikjelde, innan 2032. Foto: Wikimedia Commons/Ogne Øyehaug
Nytt

Spår kjernekraft-skip frå Nordvestlandet i 2032

Billegare og sikrare reaktorar vil bane veg for kjernekraft på sivile fartøy, meiner NTNU-professor Hans Petter Hildre.

22.04.2025

– Det er ei enorm hurtig utvikling som foregår på det ein kallar fjerde generasjon kjerneenergi. Ei utruleg hurtig utvikling der ein kjem med SMR, eller små moduleære reaktorar. Dei er fabrikkbygd, det vil seie dei er inne i ein industriell kontekst, så dei blir billegare. Og dei er mykje sikrare, så det blir modular som du kan putte inn i ein båt, som blir stilt ferdig ut frå fabrikkane no seint 2028-2029, rundt der. Og då er eg heilt overbevist om at vi får dei første inn på ein båt som då lettar frå skipsverft her i 2032 omtrent, seier NTNU-professor Hans Petter Hildre.

Han seier det ikkje berre til Nett No, men kom med spådommen frå scena på eit rekrutteringsarrangement for 150 maritime NTNU-studentar frå Ålesund og Trondheim i Fosnavåg i mars i år.

Prototype i første omgang
I første omgang er det snakk om ein prototype. 

I kommersiell bruk at det først og fremst for båtar med stort energibehov - mellom anna med lange transportavstandar og energikrevande operasjonar - kjernekraft er aktuelt for, etter Hildre si vurdering. 

– Fiskebåt, trålarar kan vere, men også kabelleggarer, rørleggar, også båtar som går  oppdrag her, oppdrag utanfor Afrika i neste månad - det er enorme avstandar dei skal gå, seier Hildre.

NTNU-satsing
Hildre er prosjekteigar for NuProShip I-prosjektet, som samla kunnskap om og vurderer bruka av kjernekraft i skip. 

I tillegg til NTNU var DNV, Vard,  Sjøfartsdirektoratet, reiarlaget Knutsen OAS, det spanske kjernekraftkonsulentselskapet Idom, med på prosjektet. 

Prosjektet kom med sin avsluttande rapport i fjor, og er etterfulgt at eit NuProShip II, med fleire deltakarar.

Hovudoppgåva til NuPro Ship I var å finne aktuelle reaktorar som kan brukast i skip, og konkluderte med to amerikanske alternativ. 

Hovudoppgåva til NuProShip II er å kartlegge krav til skipsdesign, mannskap, vedlikehald, fjernstyring og laste- og losseoperasjonar. Arbeidet skal vere ferdig i ved utløpet av 2026.

Prosjektleiar Jan Emblemsvåg ved NTNU håpar satsinga på kjernekraft vil ende opp med at kjernekraft utkonkurrerer diesel slik olje- og dieselmotorarar konkurrerte ut kol. 

– Viss vi får til det vi no snakkar om, vil dette presse ut fossilt fuel fordi det er billegare og betre, seier han.

Større interesse
- 10-15 år fram i tid, var svaret til Ulstein Group sin sjefsdesignar, Øyvind Gjerde Kamsvåg gav i 2022, om når selskapet sine skip med kjernekraft som energikjelde kan vere ute i marknaden. 

Då var det selskapet sin plan om å ta thorium i bruk for å produsere energikjelde i skipsfart, noko Ulstein Group først og fremst snakka om. Trua på kjernekraft som ei alternativt energikjelde for sivil skipsfart er ikkje blitt mindre. 

Kamsvåg seier Ulstein Group ikkje har låst seg til thorium, men er open for fleire alternativ, mellom anna også den typen reaktorar som NuProShip-prosjektet ser på.

Interessa for kjernekraft har auka sidan 2022, og Kamsvåg seier han kjenner til at det er interesse også i hos potensielle private yachteigarar.

Publisert: 22.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 21.04.2025 10:40

Mer om