Får løft av amerikanske lastebilar
Investeringsviljen blant nord-amerikanske lastebileigarar dreg opp, høgare materialkostnadar dreg ned for Hexagon Composites.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som drivstoff i køyretøy, som energiforsyning til industri og anlegg og berbare gassbehaldarar som nordmenn kjenner til bruk til gassgrillar.
Lastebilar i Nord-Amerika er hovudmarknaden, der gass er eit alternativ til diesel. Forretningsområdet Hexagon Agility & CNG LDV, som tankar- og system til lastebilar er ein del av, hadde 2618 millionar kroner i driftsinntekter i fjor, mot 2420 i 2020.
Hexagon Composites hadde 3542 millionar kroner i driftsinntekter i 2021 (sjå tabell).
Veksten til Hexagon Agility & CNG LDV tok seg opp i løpet av 2021 og var på 27 prosent i fjerde kvartal 2021, samanlikna med 4. kvartal 2020.
Følg resultatpresentasjonen fra klokken 08:30 her
Kostnadsauke
Både for forretningområdet Hexagon Agility & CNG LDV og Hexagon Ragasco - som lagar dei berbare gassbehaldarane - aukar materialkostnadane. Konsernet kom likevel ut av 2021 med betra lønsemd, når effekten av å vere 73 prosent eigar av Hexagon Purus blir halden utanfor.
Hexagon Purus kom med sine 2021- på tysdag i denne veke og Hexagon Composites sin andel av underskotet gjer at også Hexagon Composties viser minusresultat.
Hexagon Purus henta 600 millionar kroner i ny eigenkapital i denne veka. Hexagon Purus gjekk inn med 440 millionar og opprettheld dermed sin eigarandel på 73 prosent.
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, og batteripakkar.
Både Hexagon Purus og Hexagon Composites er børsnotert, med hovudkontoradresse i Ålesund. Knut Flakk og familie er nest største eigar i Hexagon Composites.
Aksjekursen til Hexagon Composites er 30,84 før børshandelen opnar i dag. Det verdset selskapet til 6,2 milliardar kroner. På topp, i januar 2021, var kursen 72,60 kroner.
Hexagon Composites ASA | ||
4. kvartal . I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 1186 | 802 |
Driftsresultat | -14 | 6 |
Resultat før skatt | -89 | -45 |
Hexagon Composites ASA | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 3542 | 3080 |
Driftsresultat | -147 | -59 |
Resultat før skatt | -295 | -56 |
Hexagon Composites ASA | ||
(uten Hexagon Purus ASA) | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 3277 | 3055 |
Driftsresultat | 171 | 106 |
Publisert: 17.02.2022 08:27
Sist oppdatert: 17.02.2022 09:00