Hex pur
TYSK KUNDE: Hexagon Purus inngjekk i fjor ein avtale med München-baserte Keyou for miljøvenlege transportløysingar av gass. Foto: Hexagon Purus
Nytt

Hexagon Purus durar inn i neste fase

Kursnedgang etter å ha meldt om sjudobla omseting - og auka underskot.

Marius Rosbach
15.02.2022

Hexagon Purus auka inntektene med 182 prosent i løpet av fjoråret. Det viser rapporten for 4. kvartal, som vart offentliggjort i ei børsmelding tysdag morgon.

Inntektene i kvartalet auka med 690 prosent fra 33 til 259 millionar kroner. Også underskotet auka frå 52 til 54 millionar kroner i minus for kvartalet. For heile fjoråret gjekk Hexagon Purus med eit underskot på 265 millionar kroner, mot 141 millionar i 2020 (sjå tabell under).

Jubelen stod ikkje i taket i aksjemarknaden etter resultata var lagt fram. Ein time inn i handelen på Oslo børs var kursen på Euronext Growt-marknaden ned kring 3,8 prosent.

Selskapet har planar om notering på hovudindeksen på Oslo børs innan sommaren, fortalde Hexagon-sjef Morten Holum då han presenterte rapporten.

Klar for oppskalering
Det Ålesund-baserte selskapet er dotterselskap til Hexagon Composites, og satsar stort på hydrogenbaserte transportløysingar, men også batteriteknologi.
På nyåret har selskapet kapra fleire milliardkontrakter i sistnemnte marknad.

Hexagon Purus kjøpte i fjor tyske Wystrach for 43,3 millionar euro, som har drege opp resultatet. Framover har selskapet planar om ein rekke nye anlegg ulike stader i verda.

I rapporten for 4. kvartal skriv selskapet at dei no er på veg over i den neste fasen med industriell oppskalering.

Milliardavtaler på batteripakkar
Hexagon-sjef Morten Holum påpeika at to av dei nyleg annonserte milliardavtalene gjeld levering av batteripakkar, og ikkje hydrogenleveransar. Hexagon Purus er ikkje berre eit leiande hydrogenselskap, men er også i førarsetet når det kjem til batteriteknologi, la Holum til.

– Vi er eit breitt teknologiselskpa for nullutsleppsløysingar, både på hydrogen- og batteriområdet, sa Hexagon Purus-sjefen.

Han forklara at batteriteknologien er langt meir moden enn hydrogen. Desse avtalane vil difor gjere at Hexagon Purus kjem i gong med større serieproduksjon og får auka omsetninga raskare.

Auka med 110 prosent i 2021
Ved starten av 2021 rekna selskapet med ei auke i omsetninga på 50 prosent. Året enda i staden med ein organisk vekst på 110 prosent, samanlikna med 2020. Inkludert det tyske oppkjøpet er auken på 182 millionar kroner.

Hexagon-sjef Morten Holum fortalde under presentasjonen at underskotet dei no opplevde, var nødvendig for å finansiere kraftig vekst framover.

Ein oppdatert analyse viser ein totalmarknad globalt for selskapet si verksemd, på fem milliardar dollar i 2025 – og 24 milliardar dollar inan 2030.

Hexagon Purus
Resultat 4. kvartal
2021
2020
Driftsinntekter
258,8
32,8
Driftsresultat
-73,1
-59,6
Resultat før skatt

-74,5

-146
Hexagon Purus
Resultat 2021
2021
2020
Driftsinntekter
507,7
52,7
Driftsresultat
-317,7
-167,6
Resultat før skatt
-340,1 -273,3

Publisert: 15.02.2022 07:13

Sist oppdatert: 15.02.2022 10:19

Mer om