Hexagon Purus henta 600 millionar
Emisjonen fullteikna etter få timar.
Hexagon Purus opplyste seint tysdag kveld i ei børsmelding at dei hadde lukkast med å hente inn 600 millionar.
Emisjonen blei meld på ettermiddagen.
Pengane frå kapitalutvidinga skal gå til marknadsarbeid, ny
batterifabrikk i Canada, utvida produksjonskapasitet i Kina og fleire
tilsette.
Flakk-familien held på eigardel
Hexagon
Composites, med Flakk-familien i Ålesund som nest største eigar, går inn
med 440 millionar kroner i kapitalutvidinga og vil oppretthalde sin
eigarandel på 73 prosent i hydrogenselskapet.
Aksjen fall 6,35 prosent i løpet av tysdagen og slutta på 24,85 kroner per aksje. Det prisa selskapet til 5,8 milliardar kroner.
Ved børsnoteringa i desember 2020 var kursen 40 kroner per aksje.
Milliardkontrakter på batteripakkar
exagon Purus er profilert som eit hydrogenselskap som lagar tankar og system for denne energiberaren. Men i år er det batterisatsinga til selskapet som betyr noko.
Fredag i førre veke varsla selskapet at dei har inngått ein intensjonsavtale med lastebilprodusenten Hino Motors Manufacturing U.S. Inc. om å levere batteripakkar for rundt ni milliardar kroner frå 2024.
31. januar melde selskapet at dei var i sluttforhandlingar om ein liknande avtale med ein ikkje namngitt kunde, ein avtale som kan bli på 10 milliardar.
Desse børsmeldingane fekk Finansavisen til å spekulere i at selskapet snart ville gjennomføre ei kapitalutviding, og tysdag viste det seg at spekulasjonen slo til.
Publisert: 15.02.2022 23:32
Sist oppdatert: 16.02.2022 00:20