Sindre Kvalheim i Lefdal gruve foto Ogne
PILOTANLEGG: Localhost-sjef Sindre Kvalheim får teste neste versjon av selskapet sitt system for styring og kontroll i industribedrifter på anlegget til Norwegian Infrastructure for Research Data i Lefdal Mine Datacenter. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Får pilotanlegg i datasenter

Localhost og Eid Elektro får utvikle it-system i Lefdal Mine Datacenter.

20.02.2023

Innovasjon Norge gav i fjor fem millionar kronar i støtte til eit forsking- og utviklingsprosjekt der it-selskapet Localhost i Måløy og Eid Elektro på Nordfjordeid vidareutviklar Action, Localhost sitt system for styring og kontroll i industribedrifter.

Det handlar om å smelte saman alt frå økonomi-, sal-, produksjonsstyring og bruk av sensorteknologi og dataanalyse, og utvikle eitt system spesielt retta mot mindre og mellomstore bedrifter.

Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord er allereie ein av brukarane av den første versjonen av systemet og no har Localhost/Eid Elektro fått anlegget til NIRD (Norwegian Infrastructure for Research Data) i Lefdal Mine Datecenter i Nordfjord som pilotanlegg.

NIRD blei opna av forsking- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i desember i fjor og blir det nasjonale senteret for lagring og analyser av forskningsdata.

Kraftkrevande
- Den enorme kraftkrevande riggen som blir sett i drift her er av internasjonal betydning og eit helt unikt høve for å kunne teste resultata av det forskningsarbeidet vi no er midt i, seier daglig leiar Sindre Kvalheim i LocalHost AS, i ei pressemelding.

Også Lefdal Mine Datacenter og NIRD skal få ein gevinst av utviklingsprosjektet.

Sjølv om anlegget i dag har sensorar på all kritisk drift, vil resultatet av Action-prosjektet kunne gi Lefdal Mine Datacenter nye måtar å jobbe med datainnsamling og analyse, og gjere dette tilgjengeleg for sine sluttkundar, står det i pressemeldinga.

Tavle-kontrakt
Eid Elektro er allereie inne i Lefdal Mine Datacenter, etter å ha vunne kontrakten på å levere dei elektriske tavlene i datasenteret.

Prosjektet siktar på å digitalisere den elektriske infrastrukturen mykje tidlegare i drifta enn det som er vanleg. Fullverdig digitalisering av tavlene er noko som er nytt i marknaden og ein av hovudårsakene til at Eid Elektro er med i dette innovasjonsprosjektet, heiter det i pressemeldinga.

Til saman skal Localhost og Eid Elektro legge 20.000 arbeidstimar inn i prosjektet, som skal vare i 18 månadar.

Publisert: 20.02.2023 09:36

Sist oppdatert: 06.07.2023 11:23

Mer om