Kriser gir draghjelp
Energikrisa i Europa og større merksemd om tryggleik gir draghjelp til datasenteret i den nedlagte olivingruva i Lefdal i Nordfjord.
To statsrådar var møtt opp då Lefdal Mine Datacenter tysdag markerte at gruva no rommar det nasjonale senteret for lagring og analyser av forskningsdata.
Den nye kunden er Sigma2, som har jobben med å drive dei nasjonale systema for forskingsdata.
Sigma2 er den tredje store kunden i senteret. Innan eitt år vil senteret ha fått ytterlegare ein til to nye store kundar, seier dagleg leiar Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter til NETTNO.
Draghjelp av energikrisa
- Vi ser at etterspørselen er enorm, seier Skaane om etterspørselen etter datalagringskapasitet. Han er både ute etter at etablerte kundar skal utvide aktiviteten sin i gruva og rekruttere nye.
Ein faktor som gir datasenteret i Nordfjord draghjelp er energikrisa og høge energiprisar i Europa etter krigen i Ukraina. Det favoriserer eit datalagringssenter som har god tilgang på straum frå fornybar kraftproduksjon.
Plass, kostnader og tilgang på kraft
Også for Sigma2 spelte plass, kostnadar og tilgang på nok elektrisitet ei rolle for valet av kvar det nasjonale senteret for lagring og analyser av forskningsdata, skulle plasserast, seier administrerande direktør Gunnar Bøe i Signa2.
Det er billegare og tryggare å datamaskinene ståande djupt nede i fjellet i Nordfjord, enn i kjellarane på universitet og forskingsinstitusjonar. I gruva er det og plass til utviding, ifølgje Bøe.
Grøn profil
Lefdal Mine Datacenter brukar sjøvatn til nedkjøling av datamaskinenen, og jobbar med eit prosjekt som skal utnytte overskotsvarmen. Den skal nyttast ved eit oppdrettsanlegg under planlegging i nærleiken.
Mercedes går for Lefdal
Kombinert med elektrisitet frå vass- og vindkraft gir dette Lefdal Mine Datacenter ein grøn profil.
Det var eit pluss då Sigma2 valde Lefdal Mine Datacenter og var ein faktor som mellom andre Mercedes-konsernet i Tyskland la vekt på då konsernet valde å plassere eitt av datasentra sine i Noreg, seier Skaane.
No er Mercedes i ferd med å redusere 170 datasenter ned til tre, der senteret i Lefdal skal vere eitt.
Publisert: 06.12.2022 16:06
Sist oppdatert: 06.12.2022 16:59