Nordfjord-samarbeid om digitalisering i industrien
Siktar mot marknaden for små og mellomstore bedrifter med vidareutvikla it-system.
Innovasjon Norge har gitt fem millionar kronar i støtte til eit forsking- og utviklingsprosjekt der it-selskapet Localhost i Måløy og Eid Elektro på Nordfjordeid vidareutviklar Localhost sitt system for styring og kontroll i industribedrifter.
Det handlar om å smelte saman alt frå økonomi-, sal-, produksjonsstyring og bruk av sensorteknologi og dataanalyse, og utvikle eitt system spesielt retta mot mindre og mellomstore bedrifter.
Prosjektet byggjer på LocalHost sitt system, Action, som allereie er i bruk hos selskap som Nordvestvinduet, Easyform og Lefdal Mine Datacenter.
Det er den største satsingen vi har gjort sidan oppstarten av Lefdal Mine Datacenter, seier dagleg leiar Sindre Kvalheim i LocalHost i ei felles pressemelding.
Spleisa saman
Både Localhost og Eid Elektro kjende kvarandre frå før, men at dei no er samarbeidspartnar er eit resultat av felleskapet i Inviro, fortel dagleg leiar Tore Hjelle i Eid Elektro.
Inviro eit ein kombinasjon av eit klyngesamarbeid og ein næringshage, med eit tyngdepunkt av prosjekta knytt til elektro-, automasjon-, bygg- og andre teknologibedrifter i Nordfjord og på søre Sunnmøre.
- Ein stor del av målsettinga til Inviro er at ein skal kople bedrifter i hop, slik det er gjort i dette prosjektet, seier dagleg leiar Øystein Nes i Inviro til NETT NO.
Investerer timar
Til saman skal Localhost og Eid Elektro legge 20.000 arbeidstimar inn i prosjektet, som skal vare i 18 månadar.
For Eid Elektro handlar det om å få utvikle eit system der bedrifta får tatt i bruk sensor- og overvakingsteknologi i produkta sine.
Eid Elektro er ein landsomfattande leverandør av elektrotavler. Med det nye systemet kan ein enkelt digitalisere både nye og eksisterande elektrotavler, maskinar, trafokioskar og anna elektrisk utstyr. Informasjon som blir henta inn gjennom systemet kan brukast til å oppdage og varsle feil, vurdere energisparetiltak og -investeringar, lage vedlikehaldsrutinar og få betre kontroll over det elektriske anlegget.
Ved bruk av teknologien kan kunden gjere overvaking og analysar sjølv, eller kjøpe inn eksterne tenester på vedlikehald og oppfølging av anlegget sitt, heiter det i meldinga.
Publisert: 08.11.2022 08:57
Sist oppdatert: 08.11.2022 23:16