Faerre enn foer bruker ulike passord
PASSORD: Delen som har ulike passord til forskjellige tenester, har gått ned frå 55 prosent i 2015 til 46 prosent i 2019. 
Nytt

Færre enn før bruker ulike passord

Over halvparten av dei spurde meiner den største faren på nett er å bruke same passord fleire stader. Likevel er det no færre enn før som har ulike passord.

28.10.2019
NPK-NTB-Alexander Vestrum: Det kjem fram i den årlege kartlegginga av tryggingskulturen i Noreg gjennomført av Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).
Ting knytt til passord blir oppfatta som dei største truslane. 78 prosent av dei spurde meiner at å dele passord med andre er mest risikofylt, medan 61 prosent seier det same om å bruke same passord på fleire nettenester.
Samtidig har delen som har ulike passord til ulike tenester, gått ned frå 55 prosent i 2015 til 46 prosent i 2019.

– Eit paradoks

– Det er eit stort paradoks at større frykt ikkje fører til at vi set i verk tiltak som faktisk kan redusere risikoen, seier Ivar Kjærem, seniorrådgivar i NorSIS og ansvarleg for rapporten «Nordmenn og digital sikkerhetskultur 2019».
– Samtidig er det ting i årets rapport som tyder på at nordmenn er på rett veg når det gjeld passord. Bruken av såkalla totrinnsverifisering er eitt av dei aller viktigaste tryggingstiltaka kvar enkelt kan gjere, og han er aukande, held han fram.
I rapporten kjem det òg fram at rundt tre av ti ikkje har tillit til at styresmaktene sikrar personopplysningane deira på ein skikkeleg måte.

Kan bremse digitalisering

Mange assosierer òg bruk av offentlege tenester og nettbank med høg risiko. Dette er svært alvorleg, ifølgje NorSIS.
– Det er dramatisk at samtidig som bruken av digitale tenester aukar, så meiner stadig fleire nordmenn at den er forbunden med risiko. Det er etter vårt syn òg svært alvorleg at så mange nordmenn ikkje har tillit til at styresmaktene tryggar informasjonen deira. Mangel på tillit kan i verste fall ha ein nedkjølande effekt på digitaliseringa av samfunnet. Vi kan rett og slett slutte å nytte dei digitale tenestene som samfunnet legg opp til at vi skal bruke, seier Ivar Kjærem.

Lite bekymring for e-post

Vidare på lista over det folket opplever som det mest risikofylte på nettet, kjem å ikkje ta tryggingskopi (56 prosent), nettgambling (45 prosent), bruken av sosiale medium (40 prosent) og bruk av bank- eller kredittkort på nett (36 prosent).
Når det gjeld bruk av e-post, oppgir færre enn éin av fire at det er mest risikofylt. Dette bekymrar tryggingsekspert Ivar Kjærem.
– Det er anslått at heile ni av ti svindelforsøk eller dataangrep skjer på denne måten, og Noreg har vore blant dei landa i verda der denne typen angrep har vore vanlegast. Haldningar som dette viser at mange har behov for opplæring for best å kunne vurdere kva som faktisk er knytt til høg risiko på nett, og kva som ikkje er så risikofylt, seier han.
Det er eit stort paradoks at større frykt ikkje fører til at vi set i verk tiltak som faktisk kan redusere risikoen

Publisert: 28.10.2019 13:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43