Faerre konkursar under korona
KONKURS: Koronaepidemien gjorde det ikkje lettare for Kleven Verft. Her er tidlegare eigar Tomislav Debeljak på veg tilbake til kontoret etter å har møtt dei tilsette på eit allmøte 3. juli og fortald dei at selskapet er konkurs. Bemannings- og industriselskapet Langset kjøpte Kleven sitt bemanningsselskap etter konkursen og overtok dei tilsette der, medan Green Yard kjøpte verftet og satsar mellom anna på opphoggingsmarknaden.
Nytt

Færre konkursar under korona

Det er opna 25 prosent færre konkursar etter at koronaepidemien kom.

09.11.2020
Frå 12. regjeringa stengte store deler av aktiviteten i landet 12. mars i år og fram til i dag er det opna 101 konkursar i Møre og Romsdal.
I tilsvarande periode i fjor vart det opna 135 konkursar. Det er ein nedgang på 25 prosent.

Spesielt reiseliv-, underhaldning- og restaurantbransjen er hardt råka av epidemien, men ei bølgje av konkursar har det ikkje blitt.

Verft overende

Den største konkursen i vår region i koronakrisa har vore i Kleven Verft, som gjekk konkurs 3. juli.
Der gjorde koronaepidemien det verre å få inn nye oppdrag, og reduserte dermed sjansen til at verftet skulle kome ut av krisa det allereie var i før pandemien kom.

Om Kleven-konkursen var den største, viste bransjestatitikk frå kredittopplysningsbyrået Bisnode per utgangen av juli at hotell- og restaurantbransjen hadde størst auke i talet på konkursar.
14 av dei 101 konkursane i Møre og Romsdal etter 12. mars er selskap denne bransjen.

Ventar med konkurskrav

Skattestyresmaktene har blitt meir tilbakehaldne med å sende konkurskrav til retten i etter at koronaepidemine kom. Det er ei viktig forklaring på kvifor ikkje talet på konkursar er større, ifølgje Brønnøysundregistrene - som publiserer kunngjeringar om konkursopningar.
I konjunkturrapporten som Sparebank1 SMN publiserte fredag 6. november, fryktar banken at ein kraftig vekst i selskapet som har negativ eigenkapital skal gir ei komande konkursbølgje.


På Sunnmøre hadde 13,1 prosent av bedriftene negativ eigenkapital i 2019. Sparebank1 SMN trur andelen bedrifter med negativ eigenkapital aukar til 19 prosent i år, og anslår at 3300 personar på Sunnmøre arbeider i bedrifter som er sterkt negativ påverka av koronakrisa.
Sterkt negativ påverka, er etter bankens sin definisjon bedrifter som har hatt eit fall i driftsinntekter på meir enn 7,5 prosent.
11.400 personar arbeider i bedrifter som er moderat negativt råka av koronakrise. 13.200 personar i bedrifter som er lite berørt og 700 personar som i bedrifter som har fått eit oppsving.

Verst for dei minste

Tala i konjunkturrapporten tyder på at det ei dei mindre bedriftene som er mest sårbare for koronakrisa.
NETT NO sin database over resultata til alle selskap på Sunnmøre og i Nordfjord viser at andelen bedrifter med negativ eigenkaptial i 2019, var på 6,7 prosent. Desse tala omfattar berre selskapet meir enn fem millionar kroner i driftsinntekter.
NETT NO hentar databasen frå Bisnode kvart år, som ein del av grunnlaget for det årlege NETT NO-magasinet på papir, som mellom anna gir ei oversikt over den økonomiske utvikla for næringslivet på Sunnmøre og i Nordfjord.

Les også:





Publisert: 09.11.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04