Båt- og byssebyggarane i Mare Safety i Ulstein er i medvind om dagen og kan snart ta juleferie med god samvit.
Mare PW15 blir den første båten frå Mare Safety til ein kunde i oppdrettsnæringa.
Ulstein-selskapet signerte nyleg kontrakten med Kunden er det Rørvik-baserte reiarlaget, Emilsen Sjøservice, som er ein del av Emilsen-gruppa, ifølgje ei pressemelding.
Etablert i fleire marknader
Mare Safety har levert båtar til ein rekke ulike marknader. Tidlegare har selskapet etablert seg som ein leverandør av redningsbåtar.
Dei seinare åra har dei også sikra seg ein rekke oppdrag på levering av støttefartøy til fleire service- og konstruksjonsskip til havvindindustrien.
– No har vi valt å fokusere på havbruksnæringa, og denne kontrakten med Emilsen Sjøservice viser at vi kan både levere produkt som kunden vil ha, og vere konkurransedyktige på pris, også innanfor denne næringa, uttaler dagleg leiar Are Garshol i pressemeldinga.

Skal vere ferdig neste haust
Oppdraget dreiar seg om ein 15 meter lang båt som får namnet Mare PW15, og er skreddarsydd for havbruksnæringa.
Om bord blir det overbygg, kran, vinsj, ROV-verkstad og -kontrollstasjon, to mannskapslugarar, dagrom, fullt utstyrt bad og ei romsleg og oversiktleg bru.
Salssjef Torstein Teigene fortel at god kommunikasjon har vore avgjerande for å kome fram til ei løysing som er tilpassa kundens behov.
Båten skal vere ferdig og overleverast hausten 2025.
Les også
Beste året sidan offshoreboomen i fjor
Pilane har peika oppover i fleire år for Mare Safety som både lagar båtar og bysser til den maritime marknaden.
Fjoråret vart det beste året sidan offshoreboomen for kring ti år sidan.
Omsetninga steig til 111 millionar i fjor. Det var ei auka på nær 40 prosent samanlikna med året før. Også lønnsemda betra seg betydeleg, samanlikna med dei siste åra.
Selskapet fortalde i 2023 om stor aktivitet og full produksjon ved lokala på Osnes med 21 årsverk i arbeid.
Publisert: 16.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 15.12.2024 21:57