Glamox hovedkontor molde foto Glamox 11
MOLDE: Den nye visuelle profilen med redesigna logo er godt synleg ved Glamox sitt hovudkontor i Molde. Foto: Glamox
Nytt

Første raude tal sidan 2003

Store restruktureringskostnader ga tap for det normalt så solide konsernet.

30.06.2022

Glamox-konsernet omsette i fjor for over 3,3 milliardar kroner, og hadde ved årsslutt ei rekordstor ordrebok.

Men restruktureringskostnader på 282 millionar kroner gav det normalt så solide konsernet, sitt første minusresultat sidan 2003.

Resultatet før skatt enda i 2021 på minus 70,7 millionar kroner, mot pluss 178,9 millionar i 2020.

(saka held fram under)

Glamox (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 3377,3 3489,5
Driftsresultat -7 218
Resultat før skatt -70,7 178,9

Flyttar produksjon
Styret skriv i årsrapporten at restruktureringskostnadene blant anna er knytt til eit anlegg i Sverige, samt flytting av produksjon frå Tyskland til Polen og Norge.

Det er også oppretta eitt felles distribusjonssenter i Poznan i Polen, og operasjonane i USA er no samla på ein stad.

Konsernet har også hatt oppkjøpskostnader. Blant anna kjøpte Glamox Ålesund-selskapet Luminell i april 2021 (sjå tabell for Luminell-resultatet under).

Luminell Norway

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
88,5
79,2
Driftsresultat
0,5
14
Resultat før skatt
-0,5
12,9

Maritim vekst
Glamox har 2221 tilsette fordelte i ei rekke land. 20,6 av inntektene i 2021 kom frå den norske delen.

Konsernet er store internasjonal på belysning på både sjø og land, og styret skriv i årsrapporten at spesielt den maritime delen har god vekst.

Lang historie
Selskapet vart etablert i 1947 av sivilingeniøren Birger Hatlebakk, og har i dag produksjonsanlegg i Norge i Molde og Halden, men er inne i over 60 land.

Det internasjonale investeringsfondet GLX Holding, som er ein del av Triton-gruppa, er majoritetseigar, medan Erik Must og familien også er tungt inne på eigarsida.

Konsernet har ein samla eigenkapital på 585 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på vel 1,3 milliardar.

Publisert: 30.06.2022 15:19

Sist oppdatert: 30.06.2022 16:07

Mer om