Sword og spirit
SEISMIKK: Sanco-reiarlaget har oppgradert Sanco Sword (t.v.) med avansert seismikkskyteutstyr, her saman med søsterskipet Sanco Swift . Foto: Myklebust Verft
Nytt

Første tapsår for Gjerdsvik-reiarlag

Seismikkselskapet har ei lang rekke med svært solide resultat. I fjor vart det bråstopp.

12.07.2022

Svak seismikkaktivitet i 2021 førde til at inntektene for Gjerdsvik-reiarlaget Sanco Holding vart reduserte frå 606,3 millionar kroner i 2020 til 369,5 millionar i fjor.

Etter av- og nedskrivingar på totalt 126,1 millionar kroner, enda resultat før skatt på minus 78,9 millionar kroner. Dette er første gongen reiarlaget har gått med tap sidan 1998.

Sanco Holding
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 369,5 606,3
Driftsresultat -52,2 174,2
Resultat før skatt -78,9 129,6

Nytt utstyr
Reiarlaget har åtte seismikkskip etter at skipet Sanco Chaser vart seld i februar i år.

Trass i eit krevjande år, vart det investert i fjor 80 millionar kroner i oppgradering av seismikkustyr og båtar. Blant anna er det tatt i bruk avansert seismisk skyteutstyr på skipa Sanco Spirit og Sanco Sword.

Styret skriv i årsrapporten at ein vurderer dette som eit konkurransefortrinn ettersom det er lang leveringstid for denne typen utstyr, og at dei to skipa dermed er attraktive i marknaden.

Trur på meir botnseismikk
Styret er positive for 2022 og vidare framover. Det vert vist til at høg oljepris og geopolitisk usikkerheit fører til auka oljeleiting.

Spesielt har ein god tru på botnseismikk-marknaden, der oljeselskapa gjer undersøkingar rundt eksisterande felt for å optimalisere produksjonen og få mest muleg ut av felta.

Selskapet har både russarar og ukrainarar om bord i skipa, og styret skriv at det er iverksett tiltak for å ivareta dei tilsette.

Solid eigenkapital
Sanco har ein samla eigenkapital på 821,3 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 644,2 millionar.

Gründerane Bjarte, Ivar og Bjørg Slettevoll er hovedaksjonærar og sit samla på 66,7 prosent av aksjane. Her eig Bjarte Slettevoll 44,1 prosent, og Ivar og Bjørg Slettevoll 55,9 prosent.

Halvard Slettevoll, bror til Ivar og Bjarte, eig 7,92 prosent.

Øvrige aksjonærar er Kåre Sindre Nyvoll med 5,3 prosent, Ole Petter Godø og familien med 4,9 prosent, Ove Kristen Godø og Sindre Røren med 4,9 prosent, Oddmund Holmen med 4,8 prosent, Ola Jon Mork 1,6 prosent, Ivar Steine 1,6 prosent og Gert Steine med 1,0 prosent.

Publisert: 12.07.2022 10:24

Sist oppdatert: 12.07.2022 13:25

Mer om