Sanco innfelt even matre ellingsen foto 11
NY LEIING: Even Matre Ellingsen er ny styreleiar i Sanco Holding-selskapet i Sande, som Ivar Slettvoll starta opp på 1990-talet. Foto: Kjetil Haanes/Astrup Fearnley
Nytt

Børs eit «sjølvsagt alternativ»

Ny leiing i Sanco søker nye moglegheiter. Men først er det «business as usual», påpeiker ny styreleiar.

Marius Rosbach
05.04.2022

Tysdag blei det kjent at selskapet Sanco Holding i Gjerdsvika har fått ny leiing og styreleiar. Gründer Ivar Slettvoll fortalde til NETT NO at han «fekk fyken» etter at eit fleirtal av aksjonærane ønska eit skifte.

Den nye styreleiar, Even Matre Ellingsen, vil ikkje kommentere Slettvoll sine utsagn til NET NO, men påpeiker at det er «business as usual» for selskapet.

– Eit betydeleg fleirtal av aksjonærane ønska eit endra styret og det fekk dei. For nokre år sidan bestemte generalforsamlinga at ein skal sjå etter strategiske moglegheiter. Styret vurderer no ulike moglegheiter for selskapet etter ein plan som har høgste prioritet, legg Ellingsen til.

Har levert gode resultat

Sanco Holding har i fleire år levert gode resultat. Også i 2020, da dei fleste seismikkselskap sleit tungt, leverte reiarlaget den største omsetninga og nest beste resultatet selskapet har hatt.

– Summen av Sanco Shipping og Sanco Holding er eit fantastisk flott selskap. Det er låg gjeld og vi ventar god kontantstraum framover, seier Ellingsen.

Han påpeiker at reiarlaget er kjent for å levere gode tenester både når det kjem til mannskap, utstyr og båtar.

– Flåten er i hovudsak nå og miljøvennleg. Slik skal det framleis vere, fortel Ellingsen.

Børs eit «sjølvsagt alternativ»
– Kva for moglegheiter ser dokke – og er børsnotering eit alternativ?

– Vi held på med ein gjennomgang, og etter mellom anna 15 år i Pareto-systemet, kjenner eg godt til fordelane og ulempene ved å være på børs. Det er sjølvsagt eit alternativ, men vi kjem ikkje til å forhaste oss, svarar Ellingsen.

Bergenseren som no overtek som styreleiar har også bakgrunn frå Fearnley Securities og har mellom anna vore konsernsjef i Astrup Fearnley.

– Færre aktørar og større etterspurnad
Etter nokre svært tunge år for seismikk, ser no Ellingsen lysare tider for bransjen med betre kontraktar i marknaden.

– Det er mange gode indikasjonar på at vi får ei betring i 2022 og 2023, meiner han.

Dei dårlege tidene bransjen har vore gjennom, har også bidrege til å skilje «klinten frå hveten» mellom selskapa som tilbyr slike tenester.

– Botnseismikk er vår kjernemarknad og her ser vi at det er færre aktørar og større etterspurnad. Vi har investert betydeleg i seismikkutstyr dei siste åra og ønsker å vere ein preferert leverandør på dette området, seier Ellingsen.

Slettvoll held fram i shipping
Ivar Slettevoll starta selskapet i 1996 saman med kona Bjørg og broren Bjarte Slettevoll. Familien er framleis dei dominerande eigarane.

Slettevoll skal framleis vere dagleg leiar i managementselskapet Sanco Shipping og selskapet Charo As, som driftar éin båt. Men i Sanco Holding, som i hovudsak eig skipa til Gjerdsvika-reiarlaget, er Slettvoll no ute av bildet.

– Sano Shipping er framleis ein viktig leverandør til Sanco Holding, påpeiker Ellingsen.

Publisert: 05.04.2022 12:04

Sist oppdatert: 05.04.2022 12:19

Mer om