Oystein Remme montasje Breeze Foto Overbo Gjortz skjermfoto
INNSTILT DRIFTA: Bustyrar Øystein Remme fortel at dei ikkje lukkast med å sikre vidare drift i dei tre selskapa med kring 150 tilsette på Stranda, i Troms og Sør-Rogaland. Foto: Øverbø Gjørtz/skjermfoto Breeze vaskeriproduksjon på Youtube
Nytt

Ga opp å berge 25 arbeidsplassar

Drifta innstilt etter at jakta på nye eigarar ikkje førte fram.

Marius Rosbach
26.06.2024

Det blir likevel ikkje vidare drift i vaskeriverksemda Breeze Nordvest på Stranda, og drifta er innstilt.

Det opplyser bustyrar Øystein Remme til Nett No.

Selskapet med 25 tilsette og to systerselskap gjekk konkurs i mai. Til saman hadde selskapa kring 150 tilsette då dei gjekk over ende.

I ettertid var det dialog med investorar både her til lands og utlandet om å overta buet, men den førte ikkje fram.

– Det viste seg at ingen ville overta og difor vart drifta innstilt, seier Remme.

Har fått inn 35 millionar til buet
Vaskeria gjorde oppdrag for institusjonar og reiselivsbedrifter, og det vart anslått at dei leverte sengetøy til kring 35.000 senger årleg.

Selskapa hadde ei samla gjeld på 106 millionar kroner. Samtidig var det betydelege verdiar i buet.

Nokre av desse er allereie realisert. Remme fortel at det er selt mellom anna tekstilar for kring 35 millionar kroner.

– Vidare blir det jobba med ulike interessentar som kan ønske å kjøpe maskinar og anna driftstilbehøyr, seier bustyraren.

Ventar på rapport frå burevisor
Ein burevisor skal gå gjennom konkurssakene. Remme håpar rapporten derifrå er klar over sommaren og at bubehandlinga blir avslutta mot hausten.

Breeze-konsernet etablerte seg på Stranda i 2019, etter at dei kjøpte vaskeriselskapet Rent Nordvest.

Den gong ville konkurrenten Nor-Tekstil ta over Stranda-bedrifta og legge ned, men Konkurransetilsynet sa nei og Breeze fekk tilslaget.

Publisert: 26.06.2024 17:06

Sist oppdatert: 26.06.2024 17:06

Mer om